Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Forsvaret sin medalje for internasjonale operasjonar

Forsvaret sin medalje for internasjonale operasjonar vart stifta 9. oktober 2000, og vert delt ut av Forsvarssjefen. Denne medaljen vert delt ut til norsk militært og sivilt personell som har tenestegjort i Forsvaret og blitt beordra til deltaking i internasjonale operasjonar, som har blitt bestemt av politiske myndigheiter, i perioden etter 1947. Deltakinga må ha vore på over seks månader, eller i ein kontingent sjølv om varigheita er kortare. Medaljen kan berre tildelast éin gong. Det vert lagt til ei forsølva stjerne for akkumulert teneste i 15, 30 og 45 månader. For teneste i 60 månader berast medaljen med laurbærgrein. Forsvarets Medalje for Internasjonale Operasjonar med laurbærgrein kan òg delast ut for spesiell innsats under internasjonale operasjonar i særlege høver. Medaljen kan òg delast ut til utanlandsk personell som har har ytt fortenesteleg bistand til norske styrkar under internasjonale operasjonar.

Medaljen er rund og i forsølva metall. Adversen har eitt oppoverretta sverd med ein laurbærkrans rundt. Reversen har skrifta «FORSVARET - FOR INTERNASJONALE OPERASJONER». Han skal berast i eit blått band med ei smal sølvstripe på midten.

Denne medaljen vart oppretta av di ein såg at det var ynskjeleg å ære dei mange som har og hadde delteke i norske internasjonale operasjonar etter krigen med ein medalje. Det vert framleis arbeidd med å dele den ut til personell som har delteke i operasjonar før 2000.