Forsvarssjefen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flagget til forsvarssjefen.

Forsvarssjefen (forkorta FSJ) er den øvste militære leiaren i Noreg under Kongen. Forsvarssjefen fungerer òg som Regjeringa sin næraste fagmilitære rådgjevar og som etatssjef for Forsvaret.[1] Forsvarssjefen er direkte underlagt Forsvarsdepartementet og vert støtta av Forsvarsstaben.

Forsvarssjefen har sidan 1970 hatt graden (verkeleg) general eller admiral. Før 1970 var det berre kongen som hadde denne graden.[2]

Den militære organisasjonen til forsvaret[endre | endre wikiteksten]

Den militære organisasjonen til forsvaret (FMO) er dei organisasjonseiningane som er underlagt forsvarssjefen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stillinga som Forsvarssjef som leiar av Overkommandoen til forsvaret vart oppretta under felttoget i Noreg i 1940. Føremålet var å ha ein leiar for heile forsvaret.[3]

Frå 1857 til 1940 vart den tilsvarande stillinga kalla generalstabssjef og var sjef for Generalstaben (som eksisterte 1814–1940), med unntak av perioden 1930–1933 då Generalstaben vart leidd av kommanderande general.

Frå 1946 til 1962 hadde Noreg ingen forsvarssjef, men i denne perioden blei funksjonen utført av sjefen for Forsvarsstaben.

Norske forsvarssjefar[endre | endre wikiteksten]

Namn


Forsvarsgrein


Frå dato:


Til dato:
Generalmajor Otto Ruge HærenNorwegian army coat of arms.svg 18. mai 1940 9. juni 1940
Ubesatt(de facto Generalmajor Carl Gustav Fleischer)


HærenNorwegian army coat of arms.svg 10. juni 1940 22. februar 1942
Generalmajor Wilhelm von Tangen Hansteen HærenNorwegian army coat of arms.svg 23. februar 1942 30. juni 1944
Kronprins Olav HærenNorwegian army coat of arms.svg 1. juli 1944 15. juli 1945
Generalløytnant Otto Ruge HærenNorwegian army coat of arms.svg 16. juli 1945 31. desember 1945
Kontreadmiral Elias Corneliussen SjøforsvaretSjoforsvaret.gif 1. januar 1946 31. mai 1946
Generalmajor Halvor Hansson HærenNorwegian army coat of arms.svg 1. juni 1946 31. juli 1946
Generalløytnant Ola Berg (som sjef over Forsvarsstaben) HærenNorwegian army coat of arms.svg 1. august 1946 31. oktober 1955
Generalløytnant Finn Lambrechts (som sjef over Forsvarsstaben) LuftforsvaretLuftforsvaret-emblem.gif 1. november 1955 8. desember 1956
Generalløytnant Bjarne Øen


Øen(som sjef over Forsvarsstaben)

LuftforsvaretLuftforsvaret-emblem.gif 10. januar 1957 31. desember 1962
Generalløytnant Bjarne Øen LuftforsvaretLuftforsvaret-emblem.gif 1. januar 1963 31. desember 1963
Viseadmiral Folke Haugar Johannessen SjøforsvaretSjoforsvaret.gif 1. januar 1964 31. desember 1972
General Herman Fredrik Zeiner-Gundersen HærenNorwegian army coat of arms.svg 1. februar 1972 20. mars 1977
General Sverre B. Hamre HærenNorwegian army coat of arms.svg 21. mars 1977 30. juni 1982
General Sven Hauge LuftforsvaretLuftforsvaret-emblem.gif 1. juli 1982 30. juni 1984
General Fredrik Bull-Hansen HærenNorwegian army coat of arms.svg 1. juli 1984 31. august 1987
General Vigleik Eide HærenNorwegian army coat of arms.svg 31. august 1987 5. september 1989
Admiral Torolf Rein SjøforsvaretSjoforsvaret.gif 5. september 1989 31. oktober 1994
General Åre Solli HærenNorwegian army coat of arms.svg 31. oktober 1994 30. april 1999
General Sigurd Frisvold HærenNorwegian army coat of arms.svg 1. mai 1999 31. mars 2005
General Sverre Diesen HærenNorwegian army coat of arms.svg 1. april 2005 30. september 2009
General Harald Sunde HærenNorwegian army coat of arms.svg 1. oktober 2009 19. november 2013
Admiral Haakon Bruun-Hanssen SjøforsvaretSjoforsvaret.gif 19. november 2013

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forsvarssjefen». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2019. 
  2. Børresen, Jacob; Brakestad, Aksel Schreiner (16. august 2019). «general». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Norge (1945). Samling av provisoriske anordninger, kgl. res. m.v: 1940-1945. London: Departementet.