Carl Gustav Fleischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Gustav Fleischer

Carl Gustav Fleischer var ein norsk offiser, (28. desember 188319. desember 1942). Han var son av Johanne Sofie Fergstad og sokneprest Carl Edvard Fleischer, og vart fødd på Bjørnar prestegard i Nord-Trøndelag. Mora vart enke då Carl Gustav var to år gammal, og familien flytta til Trondheim der Carl Gustav voks opp.

Hans aske er ennå hjemløs.
Hit ble den brakt over hav.
Det kan bli lenge å vente,
før han finner en grav.

Frå Nordahl Grieg sitt minnedikt om Carl Gustav Fleischer,
skrive i London 1943 då Fleischer si urne kom frå Amerika[1]

Han søkte seg til Krigsskulen der han gjekk ut som nest beste mann i 1905. Fleischer vart utnemnd til generalmajor og sjef for 6. divisjon i den norske hæren i 1939. Etter 9. april 1940 vart han øvstkommanderande for dei militære styrkane i Nord-Noreg. Fleischer er mest kjend for å ha leia gjenerobringa av Narvik den 28. april 1940 i slaget om Narvik. Han vart med dette den fyrste allierte general som vann over tyske styrkar i den andre verdskrigen. Då tyskarane gjekk til åtak på Nederland, Belgia og Frankrike 10. mai, vart den allierte hjelpa etter kvart trekt ut av Noreg. Narvik måtte oppgjevast. Dei attverande norske styrkane kapitulerte den 10. juni. Fleischer reiste til Storbritannia, der han vart sjef for Hærens overkommando. Fleischer ønskte å opprette ein eksilhær som raskast råd kunne setjast inn i gjenerobringa av Noreg, og kom i konflikt med mellom anna fleire politikarar. I 1942 vart han forbigått ved utnemninga av ny forsvarssjef. Fleischer fekk ordre om å reisa til Ottawa i Canada som sjef for den norske militærmisjonen. Stillinga vart av fleire skildra som overflødig. Kort tid etter at han kom til Canada tok han livet av seg. Han vart gravlagd i Noreg etter krigen, med kongen og kronprinsen til stades.[2]

Carl Gustav Fleicher var gift med Antonie («Toni») Charlotte Hygen (1888–1947).

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Krigskorset med sverd, den høgste offentlege utmerking som blir gitt i Noreg.[3]
  • Order of the Bath (britisk)
  • Sølvkors av Ordenen Virtuti Militari (polsk)
  • Croix de guerre (fransk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hovland, Torkel: General Carl Gustav Fleischer: storhet og fall, Oslo 2000. ISBN 82-03-29097-3