Forsyningsnæringa
Utsjånad
Forsyningsnæringa eller supplynæringa vert hovudsakleg brukt om støtte- og sørvisverksemd knytt opp mot petroleumsproduksjon og tilhøyrande petroleumsverksemder, og då hovudsakleg der utvinninga skjer utaskjærs.
Mesteparten av forsyningsfunksjonane vert utførte av skip og mannskapet om bord. Skipa vert bygde med forskjellige oppgåver i tankane, og ein finn difor forsyningsskip som mellom anna er spesialisert ankerhandsaming, sleping, røyrtransport, og meir generelle sørvisoppgåver.
Forsyningsbransjen i Noreg
[endre | endre wikiteksten]På Sunnmøre i Noreg har det bygd seg opp eit stort miljø innan denne bransjen, hovudsakleg fordelt på det største forsyningsreiarlaget i Noreg, Farstad Shipping i Ålesund, og det største enkeltmiljøet rundt Fosnavåg i Herøy kommune, fordelt på 6 reiarlag.