Forza Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Forza Italia
Forza Italia.svg
IdeologiKonservatisme
Oppretta og oppløyst18. januar 1994–27. mars 2009
PartileiarSilvio Berlusconi
Europeisk tilknytingDet europeiske folkepartiet (EPP)

Forza Italia ('framåt, Italia!') var eit italiensk liberalkonservativt høgreparti som fanst mellom 1993 og 2009.

Det vart grunnlagt i 1993 av Silvio Berlusconi, som var leiar for partiet frå det vart danna til det vart nedlagt. Saman med det populistiske separatistpartiet Lega Nord og det reformerte fascistpartiet Alleanza Nazionale utgjorde Forza Italia ved parlamentsvala i 2001 og 2006 valsambandet Casa delle Libertà. Partiet har vore i regjering i fleire periodar med Berlusconi som statsminister.

Kritikarar hevdar at partiet ikkje har noko sjølvstendig program, men meiner det som til ei kvar tid passar Berlusconi. I økonomiske spørsmål er partiet liberalistisk, i andre spørsmål konservativt eller høgrepopulistisk.

Ved parlamentsvalet i 2008 stilte Forza Italia som ein del av valalliansen Il Popolo della Libertà. Delar av denne alliansen vart den 27. mars 2009 omdanna til eit politisk parti. Forza Italia slutta då å eksistere som eige parti.