Silvio Berlusconi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silvio Berlusconi
Silvio Berlusconi 2018.jpg
Fødd29. september 1936 (86 år)
Milano
Statsborgar avItalia
PartiForza Italia, Fridomsfolket, Forza Italia
Yrkepolitikar, gründer, mediabaron, teaterregissør, advokat
InstitusjonarA.C. Milan
Utdanna vedUniversità degli Studi di Milano
MorRosa Bossi
FarLuigi Berlusconi
EktefelleVeronica Lario, Carla Dall'Oglio
SambuarMarta Fascina
BarnPier Silvio Berlusconi, Barbara Berlusconi, Marina Berlusconi, Luigi Berlusconi, Eleonora Berlusconi
MedlemPropaganda Due
Europarådets parlamentarikerforsamling
VervStatsminister i Italia 1994-1995
FøregangarCarlo Azeglio Ciampi
EtterfylgjarLamberto Dini
VervStatsminister i Italia 2001-2006
FøregangarGiuliano Amato
EtterfylgjarRomano Prodi
VervStatsminister i Italia 2008-2011
FøregangarRomano Prodi
EtterfylgjarMario Monti
Silvio Berlusconi i 2005.

Silvio Berlusconi (fødd 29. september 1936) er ein italiensk politikar og mediemagnat. Han er kjend for ei rekkje skandalar, men òg som Italia sin statsminister tre gonger: Frå 2001 til 2006, i ein kort periode frå 1994 til 1995, og frå 5. mai 2008 til 16. november 2011.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Berlusconi er fødd i Milano. Han vart uteksaminert frå universitetet i Milano, der han hadde studert rettsvitskap.[2] Berlusconi skal ha ein formue på 5,6 milliardar dollar, og vert rekna som den 432. rikaste personen i verda, ifylgje Forbes.[3] Han har til saman fem born frå dei to ekteskapa sine.

Han var leiar for partiet Forza Italia som han grunnla sjølv då han byrja med politikk. Berlusconi eig òg ein stor del av italiensk media og har gjennom desse gode moglegheiter til å påverke italiensk opinion. Han har dessutan interesser i mange andre delar av næringslivet. På slutten av 1970-talet byrja han i mediebransjen, og i 1980 starta han den fyrste kommersielle fjernsynskanalen i landet, Canale 5, og selskapet hans, Mediaset kontrollerer tre av dei sju store fjernsynskanalane i Italia (Italia 1, Rete 4 og Canale 5). Han er hovudaksjonær i det største forlaget i Italia, Mondadori, og eig mellom anna forsikringsselskap og reklamebyrå. I tillegg eigde han fotballklubben AC Milan, men måtte selja han, likevel kjøpte han året etter ein ny fotballklubb, AC Monza.[4]

Skandalar[endre | endre wikiteksten]

Under ei holocaust-minnemarkering hylla Berlusconi fascist-diktatoren Benito Mussolini, der han meinte at Mussolini gjorde mykje godt. Berlusconi forsvara til dømes alliansen Italia hadde med Tyskland under den andre verdskrigen. Seinare måtte han orsaka sine fråsegner.[5][6]

Han har vore tiltala for korrupsjon, maktmisbruk og kjøp av sex med mindreårige fleire gonger.[7][8] Likevel er han berre dømd for korrupsjon og unnlate å betala skatt fleire gonger, mellom anna vart han i 2014 dømd for skattesvindel og vart nekta til å stilla til politiske verv fram til 2019. Han vart òg dømd for å ha bestikka ein tidlegare senator i 2015.[3][9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lima, Geir (14. juli 2022). «Silvio Berlusconi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Silvio Berlusconi | Biography, Facts, & Controversies | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 17. oktober 2022 
  3. 3,0 3,1 «Silvio Berlusconi & family», Forbes (på engelsk), henta 17. oktober 2022 
  4. Welle (www.dw.com), Deutsche, «Italy: Silvio Berlusconi returns to Serie A with AC Monza | DW | 01.06.2022», DW.COM (på engelsk), henta 17. oktober 2022 
  5. «Berlusconi hyllet Mussolini under holocaust-markering», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 17. oktober 2022 
  6. «Berlusconi forsvarer Mussolinis Hitler-støtte», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 17. oktober 2022 
  7. Tandstad, Bent (1. september 2011), «Skandalane i kø for Berlusconi», NRK (på norsk bokmål), henta 17. oktober 2022 
  8. NRK (8. juli 2015), «Berlusconi dømt for korrupsjon», NRK (på norsk bokmål), henta 17. oktober 2022 
  9. Rome, Agence France-Presse in (8. juli 2015), «Silvio Berlusconi sentenced to 3 years for bribing Italian senator», the Guardian (på engelsk), henta 17. oktober 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]