Fríða Á. Sigurðardóttir
Utsjånad
Fríða Á. Sigurðardóttir | |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 11. desember 1940 Hornstrandir |
Død |
7. mai 2010 (69 år) |
Yrke | bibliotekar, romanforfattar, skribent |
Fríða Áslaug Sigurðardóttir (fødd 11. desember 1940) er ein islandsk forfattar.
Fríða Sigurðardóttir vart fødd på Hesteyri i Sléttuhreppi. Ho er syster til forfattaren Jakobína Sigurðardóttir.
Ho er utdanna Cand. mag. i islandsk. Forfattardebuten kom i 1980 med novellesamlinga Þetta er ekkert alvarlegt. I 1992 fekk ho Nordisk Råds litteraturpris for Meðan nóttin líður (på norsk: I nattens løp).
Omsetjingar
[endre | endre wikiteksten]Bøkene hennar er omsette til norsk, svensk, dansk, tysk, engelsk og tsjekkisk. Sjølv har ho omsett litteratur av mellom andre Doris Lessing og Jean M. Auel til islandsk.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1982 Viðurkenning Rithöfundarsjóðs Íslands
- 1988 Rithöfundasjóður litteraturpris
- 1990 Den islandske litteraturprisen for Meðan nóttin líður
- 1991 Kulturprisen frå avisa DV for Meðan nóttin líður
- 1992 Nordisk Råds litteraturpris for Meðan nóttin líður
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1980 Þetta er ekkert alvarlegt, noveller (Skuggsjá, Hafnarfirði)
- 1981 Sólin og skugginn, roman (Skuggsjá, Hafnarfirði)
- 1984 Við gluggann, noveller (Skuggsjá, Hafnarfirði)
- 1986 Eins og hafið, roman (Vaka-Helgafell, Reykjavík)
- 1990 Meðan nóttin líður, roman (Forlagið, Reykjavík)
- På norsk:
- 1992 I nattens løp omsett av Jon Gunnar Jørgensen (Emilia Press, Oslo)
- 1994 Í luktum heimi, roman (Forlagið, Reykjavík)
- 1998 Maríuglugginn , roman (Forlagið, Reykjavík)
- 2000 Sumarblús, noveller (JPV forlag, Reykjavík)
- 2006 Í húsi Júlíu, roman (JPV forlag, Reykjavík)