Doris Lessing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Doris Lessing
Doris Lessing 3.jpg
Pseudonym Jane Somers
Fødd 22. oktober 1919
Kermanshah
Død

17. november 2013
London

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, skodespelforfattar, sjølvbiograf, manusforfattar, essayist, science fiction-forfattar
Sjanger science fiction
Ektefelle Gottfried Lessing
Doris Lessing på Commons
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
2007

Doris May Lessing (fødd Doris May Tayler22. oktober 191917. november 2013)[1] var ein britisk forfattar.

Ho fekk Nobelprisen i litteratur for 2007 med grunngjevinga at ho er «den kvinnliga erfarenhetens epiker, som med skepsis, hetta och visionär kraft har tagit en splittrad civilisation till granskning.»[2][3] I 2001 varn ho David Cohen-prisen for livslang prestasjon i britisk litteratur. I 2008 rangerte avisa The Times henne på femteplassen på ei liste over «Dei 50 største britiske forfattarane sidan 1945.»[4]

Lessing var fødd i Kermanshah i Persia og voks opp i Sør-Rhodesia. Ho slo seg ned i London i 1949 og den første romanen hennar, The Grass Is Singing, kom ut året etter. Gjennombrotet sitt fekk ho med The Golden Notebook (1962).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Doris Lessing var dotter av kaptein Alfred Tayler og Emily Maude Tayler (fødd McVeagh). Foreldra var britiske,[5] men Lessing blei fødd i Kermanshah i dåverande Persia, der faren arbeidde for Imperial Bank of Persia.[6][7] Foreldra hadde møtt kvarandre på Royal Free Hospital i London der faren, som hadde kjempa i første verdskrigen, kom seg etter amputasjonen av ein fot. Mora var sjukepleiar der.[8][9]

I 1925 flytta familien til den britiske kolonien Sør-Rhodesia (no Zimbabwe) for å dyrka mais rundt 400 hektar villmark som faren hadde kjøpt. Gardbruket var hardt og gav lite inntekter.[10]

Doris gjekk på ein katolsk skule i den sør-rhodesiske hovudstaden Salisbury (no Harare).[11] Som trettenåring slutta ho på skulen og tok deretter han om utdanninga si på eiga hand. Ho forlét heimen då ho var femten og arbeidde som barnepassar. Ho byrja lesa stoff om politikk og sosiologi som arbeidsgjevaren gav henne.[9] På denne tida byrja ho også å skriva.

I 1937 flytta Doris til Salisbury for å bli telefonist. Ho blei gift med Frank Wisdom, som ho fekk to barn med (John, fødd i 1940 og Jean, fødd i 1941). Ekteskapet enda i 1943.[9]

Doris var blitt med i den vensteorienterte Left Book Club,[10][12] der ho møtte sin framtidige andre ektemann, Gottfried Lessing. Dei fekk eit barn saman, (Peter, føddi 1946), men skilde lag i 1949. Doris Lessing gifta seg ikkje opp att.[9] Ho hadde eit forhold til RAF-mannen John Whitehorn (bror til journalisten Katharine Whitehorn), som var stasjonert i Sør-Rhodesia, oog skreiv nitti brev til han mellom 1943 og 1949.[13]

I 1949, etter oppløysinga av det andre ekteskapet sitt, flytta Lessing til London for å bli forfattar og engasjera seg politisk. Ho tok med seg yngstesonen Peter, men lét dei to eldste barna bli verande igjen i Afrika med faren Frank Wisdom.[14] I London engasjerte ho seg i kampanjar mot atomvåpen og apartheid, noko som gjorde at ho blei bannlyst frå Sør-Afrika og Rhodesia i 1956.[15] Same året, etter den sovjetiske invasjonen av Ungarn, forlét ho kommunistpartiet.[16] På 1980-talet engasjerte ho seg mot den sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan.[17]

21. august 2015 blei delar av overvakingsmappa til Lessing, utført av MI5 og MI6, gjort offentleg[18] Rapporten viste at Lessing blei overvaka i rundt tjue år, frå byrjinga av 1940-åra. Grunnen skal ha vore tilknytinga hennar til kommunismen og den anti-rasistiske aktivismen hennar.[19]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Doris Lessing byrja selja soger til blad då ho var femten.[20] Ho gav ut sin første roman, The Grass Is Singing, i 1950.[10] Boka skildra oppveksten hennar i Sør-Rhodesia. Verket som gjorde henne internasjonalt kjend, The Golden Notebook, kom ut i 1962.[7] Gjennom karrieren sin gav ho ut over 50 romanar, nokre av dei under pseudonym.[21]

Forfattarskapen til Lessing er gjerne delt inn i tre ulike fasar:

I den kommunistiske fasen sin (1944–56) skreiv Lessing hovudsakleg radikal litteratur om samfunnstilhøve, eit tema ho kom tilbake til i The Good Terrorist (1985).

Frå 1956 til 1969 hadde ho ein psykologisk fase som omfatta Golden Notebook og Children of Violence-kvartetten.

Seinare kom ein sufi-inspirert fase som ho brukte i Canopus in Argos, ein serie av science fiction (eller space fiction, som ho sjølv føretrekte).

I 1982 gav Lessing ut to romanar under pseudonymet Jane Somers for å demonstrera kor vanskeleg det kunne vera for nye forfattarar å få verka sine gjevne ut. Romanane blei refuserte av Lessing sin eigen forleggjar, men blei godtekna av ein annan i Storbritannia, Michael Joseph, og av Alfred A. Knopf i USA. The Diary of a Good Neighbour[22] kom ut i 1983 og If the Old Could i 1984,[23] begge under namnet Jane Somers. I 1984 blei begge romanane gjevne ut som ei bok med tittelen The Diaries of Jane Somers: The Diary of a Good Neighbour and If the Old Could og med Doris Lessing oppgjeven som forfattar.[24]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(lista over norske titlar er ikkje uttømmande)

  • 1950: The Grass Is Singing - norsk tittel Det synger i gresset
  • 1951: This Was the Old Chief's Country - noveller
  • 1952-1969: Serien Children of Violence:
    • 1952: Martha Quest
    • 1954: A Proper Marriage
    • 1958: A Ripple from the Storm
    • 1965: Landlocked
    • 1969: The Four-Gated City
  • 1957: Going Home (memoar)
  • 1957: The Habit of Loving - noveller
  • 1960: In Pursuit of the English (sakprosa)
  • 1962: The Golden Notebook - norsk tittel Den gyldne notatbok
  • 1963: A Man and Two Women - noveller
  • 1964: African Stories - noveller
  • Om kattar:
    • 1967: Particularly Cats (noveller og essays) (1967)
    • 2000: The Old Age of El Magnifico (noveller og essay) (2000)
  • 1971: Briefing for a Descent into Hell - nominert til Bookerprisen, norsk tittel: Instrukser for en nedstigning i Helvete.
  • 1972: The Temptation of Jack Orkney and other Stories - noveller
  • 1973: The Summer Before the Dark - norsk tittel: Sommeren før mørket
  • 1974: A Small Personal Voice- essay
  • 1974: Memoirs of a Survivor
  • 1979-1983: Serien Canopus in Argos Archives:
    • 1979: Shikasta (1979) Norsk tittel: Shikasta
    • 1980: The Marriages Between Zones Three, Four and Five - norsk tittel Ekteskapene mellom Sone tre, fire og fem
    • 1980: The Sirian Experiments - norsk tittel Siriuseksperimentene
    • 1982: The Making of the Representative from Planet 8 - norsk tittel Representanten fra planet 8
    • 1983: Documents Relating to the Sentimental Agents in the Volyen Empire - norsk tittel: De sentimentale agentene i Volyen-imperiet
  • 1978: Stories - noveller
  • Under pseudonymet Jane Somers:
    • 1983: The Diary of a Good Neighbour
    • 1984: If the Old Could... - norske tittel Jane Somers' dagbøker
  • 1985: The Good Terrorist - nominert til Bookerprisen, norsk tittel: Den gode terroristen
  • 1987: Prisons We Choose to Live Inside - essay
  • 1988: The Fifth Child - norsk tittel Det femte barnet
  • 1992: African Laughter: Four Visits to Zimbabwe - erindringar
  • 1994: Conversations (intervju, redigert av Earl G. Ingersoll)
  • Sjølvbiografiar:
    • 1994: Under My Skin: Volume One of My Autobiography, to 1949 - norsk tittel: Under huden
    • 1997: Walking in the Shade: Volume Two of My Autobiography 1949 to 1962
  • 1995: Spies I Have Known (samling)
  • 1996: The Pit (samling)

Seinare verk:

  • 1999: Mara and Dann
  • Ben, in the World
  • 2001: The Sweetest Dream
  • 2003: The Grandmothers : Four Short Novels
  • 2005: The Story of General Dann and Mara's Daughter, Griot and the Snow Dog
  • 2008: Alfred and Emily

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Doris Lessing er død, aftenposten.no
  2. "that epicist of the female experience, who with scepticism, fire and visionary power has subjected a divided civilisation to scrutiny".
  3. Nobeltildelinga i 2007 på nobelprize.org
  4. (5. januar 2008): «The 50 greatest British writers since 1945», The Times.
  5. Hazelton, Lesley (11 October 2007), Golden Notebook' Author Lessing Wins Nobel Prize, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 24. oktober 2013, https://web.archive.org/web/20131024030417/http://www.bloomberg.com/apps/news?pid=newsarchive&sid=anexY5Z5sGgw&refer=home, henta 11. oktober 2007 
  6. Hazelton, Lesley (25 July 1982), Doris Lessing on Feminism, Communism and 'Space Fiction', http://mural.uv.es/vemivein/feminismcommunism.htm, henta 11 October 2007 
  7. 7,0 7,1 Author Lessing wins Nobel honour, BBC News, 11 October 2007, http://news.bbc.co.uk/1/hi/entertainment/7039100.stm, henta 11 October 2007 
  8. Carole Klein, Doris Lessing, https://www.nytimes.com/books/first/k/klein-lessing.html, henta 11 October 2007 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Liukkonen, Petri. «Doris Lessing». Books and Writers (kirjasto.sci.fi). Finland: Kuusankoski Public Library. Arkivert frå originalen 8 June 2008. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Biography». A Reader's Guide to The Golden Notebook and Under My Skin. HarperCollins. 1995. Henta 11. oktober 2007. 
  11. Carol Simpson Stern. Doris Lessing Biography. biography.jrank.org. Henta 11. oktober 2007.
  12. «Brief Chronology». A Home for the Highland Cattle & The Antheap. Broadview Press. 2003. Henta 29. desember 2010. 
  13. Flood, Alison (22. oktober 2008), Doris Lessing donates revelatory letters to university, https://www.theguardian.com/books/2008/oct/22/doris-lessing-letters 
  14. «Lowering the Bar. When bad mothers give us hope», Newsweek, 6. mai 2010. Henta 9. mai 2010.
  15. Peter Guttridge (17 November 2013), Doris Lessing: Nobel Prize-winning author whose work ranged from social and political realism to science fiction, https://www.independent.co.uk/news/obituaries/doris-lessing-nobel-prizewinning-author-whose-work-ranged-from-social-and-political-realism-to-science-fiction-8945459.html, henta 17 November 2013 
  16. Miller, Stephen (17. november 2013), «Nobel Author Doris Lessing Dies at 94», The Wall Street Journal, https://www.wsj.com/news/articles/SB10001424052702304439804579203804274045712, henta 23 November 2013 
  17. «Doris Lessing blows the veil of romanticism off Afghanistan», The Christian Science Monitor, 14. januar 1988.
  18. Shirbon, Estelle, «British spies reveal file on Nobel-winner Doris Lessing», Reuters, 21. august 2015.
  19. Norton-Taylor, Richard, «MI5 spied on Doris Lessing for 20 years, declassified documents reveal», The Guardian, 21. August 2015.
  20. Lessing, Doris. «Biography (From the pamphlet: A Reader's Guide to The Golden Notebook & Under My Skin, HarperPerennial, 1995)». 
  21. Kennedy, Maev (17. november 2013), Doris Lessing dies aged 94, https://www.theguardian.com/books/2013/nov/17/doris-lessing-dies-94 
  22. «The Diary of a Good Neighbour by Doris Lessing». Doris Lessing. Henta 13. august 2012. 
  23. «If the Old Could by Doris Lessing». www.dorislessing.org. 
  24. Hanft, Adam. «When Doris Lessing Became Jane Somers and Tricked the Publishing World (And Possibly Herself In the Process)». The Huffington Post, 10. november 2007. Updated May 25, 2011. Henta 7. september 2017.
  25. «Memòria del Departament de Cultura 1999» (PDF) (på Catalan). Generalitat de Catalunya. 1999. s. 38. Henta 17. november 2013. 
  26. «Golden Pen Award, official website». English PEN. Henta 3. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.