Frøblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dei to hovdtypane av frøblad: Til venster ein einfrøblada plante, til høgre ein tofrøblada.

Frøblad eller kimblad er dei første blada danna på ein frøplante etter at han har spira frå eit frø.[1] Frøplantar dannar eit eller to frøblad når dei spirer. Dette har gjeve opphav til inndelinga i einfrøblada og tofrøblada plantar.[2]

Frøblad kan vera kortlivde, og berre vara i nokre dagar etter spiring, eller ha lengre levtid på over eit år. Dei inneheld, eller har tilgang til, opplagsnæring frå frøet. Når denne næringa er brukt opp kan frøbladabli grøne og byrja fotosyntese, eller svinna vekk etterkvart som dei første vanlege bladatek over næringsproduksjonen for spira.[3][4]

Danning[endre | endre wikiteksten]

Frøblada blir danna før planten har forlate frøet og er ein del av fosterutviklinga til planten. Hjå dei enfrøblada plantane er frøbladet linjenerva og likner blada til vaksne plantar av same art. Hjå tofrøblada plantar er frøblada enklare og gjerne avrunda i fasongen, og likner ofte ikkje dei seinare blada i det heile.

Hjå nakenfrøingar som bartre er det frå to til 24 frøblad som sit som ein krans rundt stilken. Desse er nåleforma som dei vaksne barnålene, og er ofte ikkje omtalte som frøblad.

Epigal og hypogal spiring[endre | endre wikiteksten]

Hja dei fleste frøplantane vil stengelen gro ut av frøet medan frøblada framleis blir danna, slik at frøskalet sit fast på spira heilt til frøblada er ferdig danna. Denne forma for spiring blir kalla epigeal spiring, og er vanleg hjå rasktveksande plantar med mange frø, slik som karse. Hjå planter med større og færre frø, særleg der spirene er utsette for frost eller beiting, vil frøet byrja å sende ut ein spirespiss så snart rota er etablert, slik at spirespissen, men ikkje sjølve frøet, gror opp av bakken. Denne forma for utvikling blir kalla hypogeal spiring.[5] Denne forma for spiring er også vanleg frå mange nøtter, der frøblada først og fremst er fungerer som opplagsnæring.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Linnaeus, Carl (1755) [1751]. Philosophia botanica : in qua explicantur fundamenta botanica cum definitionibus partium, exemplis terminorum, observationibus rariorum, adiectis figuris aeneis. originally published simultaneously by R. Kiesewetter (Stockholm) and Z. Chatelain (Amsterdam). Vienna: Joannis Thomae Trattner. Henta 13. desember 2015. 
  2. «Monocots versus Dicots». University of California Museum of Paleontology. Henta 25. januar 2012. 
  3. Vines, Sydney Howard (1913), «Robert Morison 1620—1683 and John Ray 1627—1705», i Oliver, Francis Wall, Makers of British botany, Cambridge University Press, s. 8–43 
  4. Greene, E. L. & Egerton, F. N. (ed.) (1983). Landmarks of Botanical History: Part 2. Stanford: Stanford University Press, p. 1019, note 15, [1].
  5. Parolin, P., Ferreira, L.V., Junk, W.J. (2003) "Germination characteristics and establishment of trees from central Amazonian flood plains" Tropical Ecology 44(2): 157-169