Fra fjord og fjære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Fra fjord og fjære» er ein julesong skriven av Magnus Brostrup Landstad. I 1856 gav han ut heftet: Jule-salmer saadanne som de agtes foreslaade til kirkeligt Brug. Her finn ein «Frå fjord og fjære». Denne salmen har vorte kalla den første norske julesalmen. Dette fordi julebodskapen her for første gong vert plassert i eit norsk vinterlandskap. Liksom andre av Landstad sine salmar vekte «Fra fjord og fjære» motstand på grunn av språket. Mange såg det som urett å bruke norske ord i salmane. Salmen vert sungen til ein melodi av Hardenack Otto Conrad Zinck komponert i 1801.[1]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

(i utval)

  • Olav Werner med Hermund Tronvik, orgel, «Dereux» kirkeeorgel. Innspilt 2. november 1965. Utgitt på EP-plata Julens budskap i ord og toner (Odeon GEON 79).
  • Oslo Domkor: Deilig er Jorden. Utgitt 1986 (Grappa/Musikkoperatørene).

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Salmebok

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]