Hopp til innhald

Frafjordtunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frafjordtunnelen
Inni tunnelen.

Foto: Jarle Vines

VegFv281 i Rogaland
KommuneGjesdal kommune
FylkeRogaland
Lengd3 812
Opna1999
Kart
Frafjordtunnelen
58°49′26″N 6°16′28″E / 58.82388889°N 6.27444444°E / 58.82388889; 6.27444444

Frafjordtunnelen er ein tunnel på fylkesveg 281 i Gjesdal kommune i Rogaland. Tunnelen går mellom Gilja og Frafjord, og avløyste den gamle vegen over Giljafjellet. Han er 3812 meter lang og vart opna 10. juni 1999.

Som med fleire andre tunnelar i Noreg er Frafjordtunnelen dels plaga med kondens. Kondensen kan føra til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen.