Framlydsveksling i fulfulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Framlydsveksling i fulfulde Eit karakteristisk drag ved fulfulde er framlydsvekslinga, det at konsonanten fremst i eit ord vekslar ved ordbøying. Her er nokre døme i Aadamaawa-dialekt:

Substantiv

  • pullo 'fulani', fleirtal fulɓe 'fulaniar'; eintalsforma (i O-klassen) tek til med p og fleirtalsforma (i ƁE-klassen) med f
  • fowru 'hyene', fleirtal pobbi 'hyenar'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med f og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med p
  • reedu 'mage', fleirtal deeɗi 'magar'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med r og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med d
  • yitere 'auga', fleirtal gite 'augo'; eintalsforma (i NDE-klassen) tek til med y og fleirtalsforma (i ƊE-klassen) med g
  • hofru 'kne', fleirtal koppi 'kne'; eintalsforma (i NDU-klassen) tek til med h og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med k
  • mbeewa 'geit', fleirtal be'i 'geiter'; eintalsforma (i NGA-klassen) tek til med mb og fleirtalsforma (i ƊI-klassen) med b

Verb

  • o warii 'ho/han kom', fleirtal ɓe ngarii 'dei kom'; verbet tek til med w med eintalssubjekt og med ng med fleirtalssubjekt
  • o fiɗii 'ho/han skaut', fleirtal ɓe piɗii 'dei skaut'; verbet tek til med f med eintalssubjekt og med p med fleirtalssubjekt
  • o reenii 'ho/han venta', fleirtal ɓe ndeenii 'dei venta'; verbet tek til med r med eintalssubjekt og med nd med fleirtalssubjekt

Ei rot kan førekome med tre ulike konsonantar. Rota war- 'kome' finst i variantane war-, gar- og ngar-, der framlydskonsonanten førekjem i høvesvis kontinuant-stadiet, plosiv-stadiet og prenasal-stadiet. Heile framlydsvekslingssystemet ser slik ut:

Framlydsvekslinga
J-rekkja Gi/e-rekkja Ga-rekkja Gu/o-rekkja B-rekkja D-rekkja P-rekkja C-rekkja K-rekkja
Kontinuant-stadiet y y w / ' w w / v r f s h
Plosiv-stadiet j g g g b d p c k
Prenasal-stadiet nj ng ng ng mb nd p c k

Ge-rekkja, Ga-rekkja og Go/u-rekkja er skilde frå kvarandre av di det det i kontinuant-stadiet finst forskjellige G-rekkjer føre ulike vokalar, høvesvis i/e, a og u/o. I dialektane frå Maasina og austover (fulfulde-dialektar) har Ga-rekkja w i kontinuant-stadiet og i dialektane vestanfor Maasina (pular- og pulaar-dialektar) har Ga-rekkja glottal lukkelyd (') i kontinuant-stadiet:

  • Fulfulde-dialektar: o wasii 'ho/han grov' - ɓe ngasii 'dei grov'
  • Pular- og pulaar-dialektar: o asii 'ho/han grov' - ɓe ngasii 'dei grov'

Rota war- 'kome' høyrer heime i G-rekkja. Når ho står i eit finitt verbform, finn vi kontinuantstadiet når subjektet er i eintal og prenasalstadiet når subjektet er i fleirtal, med unnatak av former med etterstelt subjektsmarkør (suffiks eller enklitikon), som alltid har prenasalstadiet. Når rota står i eit partisipp, er det nominalklassen som avgjer vekslingsstadiet. Nokre nominalklassar krev kontinuant-stadiet, nokre plosiv-stadiet og nokre prenasal-stadiet. Ei veksling mellom alle tre stadia finn vi òg ved adjektiva og substantiva, som vist i tabellen nedanfor.

FRAMLYDSVEKSLING Substantiv   Partisipp Adjektiv
Nr. Nominalklasse Form Tyding war- 'komen' wuy- 'tjuvaktig'
1 O gaynaako 'gjætar' garɗo gujjo
2 ƁE waynaaɓe 'gjætarar' warɓe wuyɓe
3 NDE wamnde 'esel (eintal)' warnde wuyre
4 NDU rawaandu 'hund' warndu wuyru
5 NGE wiige 'kvige' warnge wuye
6 NGO wicco 'hale' warngo wuyo
7 KO (1) haako 'plante, saus' warko wuyo
8 NGAL jaawngal 'perlehøne' garngal guyal
9 NGOL binndirgol 'blyant, penn' garngol guyol
10 KI garki 'kome' garki guyi
11 KOL duumkol 'eittårig kvige' garkol guyol
12 ƊUM buuwirɗum 'sopekost' garɗum guyum
13 NDI njamndi 'jarn' ngarndi nguyri
14 NGU ngilngu 'mark, makk' ngarngu nguyu
15 KA ngaska 'grop' ngarka nguya
16 ƊAM ndiyam 'vatn' ngarɗam nguyam
17 ƊE bamɗe 'esel (fleirtal)' garɗe gujje
18 ƊI dawaaɗi 'hundar' garɗi gujji
19 NGEL dawaangel 'liten hund' garngel guyel
20 NGUM dawaangum 'liten fillehund' garngum guyum
21 KAL dihal 'litt vatn' garkal guyal
22 KON ndawaakon 'små hundar' ngarkon guyon
23 NGA ndawaanga 'stor hund' ngarnga nguya
24 KO (2) ndawaako 'små hundar' ngarko nguyo