Partisipp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Partisipp er ei samnemning for infinitte verbformer med adjektiviske eigenskapar. På norsk har verbet to ulike partisipp, som desse formene av verbet syngje:

Ordet partisipp kjem av latin participium, av particeps 'som tek del i', det vil seie i funksjonane både til nomenet og til verbet. Eit særkjenne ved partisippa er nettopp at dei blir bøygde i både nominale og verbale grammatiske kategoriar. På moderne norsk blir perfektum partisipp bøygt i mange av dei same kategoriane som adjektivet:

  • ein sungen / liten song
  • ei sungen~sunga~sungi / lita~liti vise
  • eit sunge / lite vers
  • sungne / små songar
  • den sungne / vesle songen