Framnes kristne vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Framnes kristne vidaregåande skule er ein internatskule i Kvam herad i Hordaland. På skulen har dei idrettsfag og studiespesialisering. Det er ein kristen friskule eigd av Indremisjonsskipnaden som driv skulen saman med Indremisjonsforbundet.

Den ligg om lag tre kilometer frå Norheimsund.

I mai 1944 tok Framnes imot ei gruppe sivile fangar frå Telavåg.

Skulen har no kring 260 elevar frå heile landet og frå så godt som alle fylka.

Staden har ein lang tradisjon som skule heilt frå 1897. Då kjøpte Johannes Brandtzæg Framnes-halvøya (Prestholmen) for å byggje misjonsskule for ungdom. Den vart seinare folkehøgskule og no er den vorte ein vidaregåande skule.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]