Tælavåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tælavåg
tettstad
Telavåg.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden
Areal 0,81 km²
Folketal 584 (2017)
Folketettleik 721 / km²
Postnummer 5380 TÆLAVÅG

Telavåg
60°13′0″ N 5°6′0″ E

Telavåg er ein tettstad i Øygarden kommune. Tettstaden har 584 innbyggjarar per 1. januar 2017. Staden ligg like ved det opne havetSotra utanfor Bergen i Vestland fylke. Han er mest kjend for krigsbrotsverket som hende der den 30. april 1942.

Telavåg låg sentralt til for nordsjøfarten til motstandsrørsla, og både Shetlandsgjengen og andre skøyter henta og sette i land agentar i området. Dei lokale hadde òg vore ivrig med i motstandsarbeid.

Etter drapet på to offiserar i ei skotveksling mellom Gestapo og motstandsfolk frå Kompani Linge, meinte dei tyske okkupasjonsstyrkane at dei måtte setja eit eksempel. Reichskommisar Josef Terboven kom sjølv til bygda for å sjå til at ho vart straffa. Heile Telavåg vart jamna med jorda, og alle dei mannlege innbyggjarane sende til Sachsenhausen. 31 av dei 72 som vart sende til konsentrasjonsleiren døydde der.

Telavåg har fått ein spesiell plass i norsk okkupasjonshistorie. Ein finn ingen liknande hendingar i Noreg. Dei næraste parallellane er Lidice i Tsjekkia og Oradour-sur-Glane i Frankrike. Telavåg var eit av tiltalepunkta ved Nürnberg-domstolen som gjaldt norske tilhøve.

Historia om Telavågtragedien og motstandsarbeidet blir skildra i Nordsjøfartmuseet, som vart opna i Telavåg i 1998.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]