Françaisbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Françaisbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Adélie Land
 - koordinatar 66°33′S 138°15′E / 66.550°S 138.250°E / -66.550; 138.250
Lengd 22 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Françaisbreen
66°33′S 138°15′E / 66.55°S 138.25°E / -66.55; 138.25
Françaisbreen is located in Antarktis
Françaisbreen (Antarktis)

Françaisbreen er ein isbre i Antarktis som er 4 nautiske mil brei og 12 nautiske mil lang. Breen flyt nord-nordaust frå innlandsisen til kysten av Antarktis like vest for Ravin Bay. Sjølv om ingen isbrear vart nemnde av kaptein Jules Dumont d'Urville på karta hans av denne kysten, er han nært knytt hans «Baie des Ravins» og skildringa av ei vik på kysten nær munningen av denne breen og dette indikerer at han først vart sett av Den franske antarktisekspedisjonen, 1837–40. I løpet av desember 1912 slo medlemmar av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (AAE) leir i fjellsida like aust for breen, men dei refererte ikkje til breen i AAE-rapportar, sjølv om breen var godt synleg mot nordvest. Han vart skissert frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946–47. Den franske antarktisekspedisjonen under Mario Marret i 1952–53 drog med slede vest på isen til isklippene like aust for breen. Han vart kalla opp etter «Français», ekspedisjonsskipet til Den franske antarktisekspedisjonen, 1903–05, under dr. Jean-Baptiste Charcot.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Français Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012. 
  2. Alberts, Fred G., red. (June). Geographic Names of Antarctica (PDF) (second utg.). USA Board on Geographic Names. s. 257. Henta 14. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Français Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).