Françoise Mbango Etone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Françoise Mbango Etone
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 14. april 1976
Yaoundé
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Françoise Mbango Etone (fødd 14. april 1976) er ein tidlegare friidrettsutøvar fra Yaoundé i Kamerun. Ho vart olympisk meister i tresteghopp i 2004 og 2008, etter å ha vunne sølvmedaljane i same øvinga under verdsmeisterskapane i friidrett i 2001 og 2003. Etone sitt fyrste OL-gull var det fyrste vunne av ein utøvar frå Kamerun.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etone deltok i friidretts-VM 1999 i Sevilla, utan å nå finalen i tresteghopp. Året etter vart ho nummer ti i tresteg under Sommar-OL 2000 i Sydney.

Etone sikra seg så sølvmedaljen då VM i friidrett 2001 fann stad i Edmonton, einast russiske Tatjana Lebedeva hoppa lenger. I 2002 vann ho både tresteg- og lengdehopp i Afrika-meisterskapen. Ved verdsmeisterskapen i 2003 hoppa ho 15,05 m, og tok dermed sitt andre VM-sølv. Det var hennar fyrste hopp over 15 meter, som ved førre VM måtte ho sjå Lebedeva framom seg på resultatlista.

Også under dei olympiske leikane 2004 i Aten sette Etone ny personleg rekord i finalen. Med 15,30 meter vann ho gullmedaljen, fem centimeter føre Hrysopiyi Devetzi frå arrangørlandet. Lebedeva, som tidlegare i leikane hadde vorte olympisk meister i lengdehopp, tok bronsemedaljen.

Våren 2008 vart Etone afrikansk mester i tresteg. Som ved førre sommar-OL forbetra Etone den personleg rekorden i tresteghopp under Beijing-OL i 2008. Ho presterte 15,39 m, sitt livs lengste tretseghopp, og forsvarte OL-tittelen med god margin.

Frå 2010 representerte ho Frankrike og deltok for landet ved EM i friidrett 2012 i Helsinki, der ho enda på åttandeplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]