Kamerun
Republic of Cameroon République du Cameroun (norsk: Kamerun, kamerunsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Chant de Ralliement» | ||||||
Motto | Fransk: Paix, Travail, Patrie, Engelsk: Peace, Work, Fatherland (Fred, Arbeid, Fedreland) | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Engelsk og fransk | ||||||
Hovudstad | Yaoundé | ||||||
Styresett |
Republikk Paul Biya Philémon Yang | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
475 440 km² (53.) 1,3 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
24 994 885 (52.) 52,6 /km² (126.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike og Storbritannia 1. januar 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 20. mai (Republikkens dag) | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
72 110 mill. USD (94.) 3 400 USD (155.) | ||||||
Valuta | CFA-franc (XAF) | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +237 | ||||||
Toppnivådomene | .cm
|
Kamerun er ein stat i Sentral-Afrika, som har kyst mot Biafra-bukta som som har grense mot Den sentralafrikanske republikken, Kongo-Brazzaville, Gabon, Nigeria, Tsjad og Ekvatorial-Guinea.

Klima[endre | endre wikiteksten]
Kamerun ligg i eit grenseområde mellom fleire afrikanske vêrregime. Det er få stader i verda som kan få så mykje nedbør som kystdeltaet i Kamerun, der sørvestleg vind vert pressa opp av fjella (orografisk heving) i Kamerun og nabolanda. Douala sin årlege nedbørsnormal er på 4027 mm, og det mest kjem då frå mars til november. Lenger aust regnar det litt mindre, og nedbøren her minkar eit par veker i juli mellom dei to passeringane av den intertropiske konvergenssona (ITCZ). Yaoundé har ein årleg nedbørsnormal på 1555 mm. Det meste av regnet kjem i korte, men intense, periodar, og vert avløyst av ein frisk austleg vind og klår himmel.
Den smale stripa i Nord-Kamerun strekkjer seg inn i Sahelområdet. Her har ein meir spreidd nedbør i tida juni til september, og elles på året tørt og svært varmt vêr. Nettene her er ganske behagelege i desember og januar, då temperaturen går ned mot 15 °C før den sprett opp att i rundt 32 °C om ettermiddagen. Frost har ein stort sett berre på fjelltoppane som strekkjer over 3000 m over havet.
Språk[endre | endre wikiteksten]
Kamerun har om lag 280 ulike språk,[1] som høyrer til språkfamiliane nigerkongo-språk, afroasiatiske språk og nilosahariske språk. Offisiell status har berre dei tidlegare kolonispråka fransk og engelsk. I dei tre nordlegaste regionane er fulfulde viktigaste lingua franca, i resten av landet det engelskbaserte pidginspråket wescos.
Dei største byane i Kamerun[endre | endre wikiteksten]
Sjå også Liste over byar i Kamerun.
Dette er dei største byar i landet, etter innbyggjartal:
- Douala - 1 310 400
- Yaoundé - 1 187 100
- Garoua - 411 100
- Kousséri - 333 300
- Bamenda - 327 000
- Maroua - 299 600
- Ngaoundéré - 185 700
- Bafoussam - 180 200
- Bertoua - 152 800
- Loum - 137 100
Regionar[endre | endre wikiteksten]
Kamerun er delt inn i 10 regionar, som vist i tabellen under. Kvar region er delt inn i fleire departement.[treng kjelde]
n° | Region (fransk namn) |
Region (engelsk namn) |
Hovudstad | Folketal (1987) | Flatevidd i km² |
Folketettleik per km² |
Viktigaste offisielle språk[2] |
Departement | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Adamaoua | Adamawa | Ngaoundéré | 495 185 | 63 691 | 8 | fransk | 5 | |
2 | Centre | Centre | Yaoundé | 1 651 600 | 68 926 | 24 | fransk | 10 | |
3 | Est | East | Bertoua | 517 198 | 109 011 | 5 | fransk | 4 | |
4 | Extrême-Nord | Far North | Maroua | 1 855 695 | 34 246 | 54 | fransk | 6 | |
5 | Littoral | Littoral | Douala | 1 352 833 | 20 239 | 67 | fransk | 4 | |
6 | Nord | North | Garoua | 832 165 | 65 576 | 13 | fransk | 4 | |
7 | Nord-Ouest | Northwest | Bamenda | 1 237 348 | 17 812 | 69 | engelsk | 7 | |
8 | Ouest | West | Bafoussam | 1 339 791 | 13 872 | 97 | fransk | 8 | |
9 | Sud | South | Ebolowa | 373 798 | 47 110 | 8 | fransk | 4 | |
10 | Sud-Ouest | Southwest | Buéa | 838 042 | 24 571 | 34 | engelsk | 6 |
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Jf. artikkelen Cameroon på Ethnologue.
- ↑ http://www.tlfq.ulaval.ca/axl/afrique/cameroun.htm
