Yaoundé
Utsjånad
| Yaoundé | |
|---|---|
| Land |
Kamerun |
| Grunnlagd | 1888 |
| Flatevidd | 180 km² |
| Innbyggjarar • By (2005) |
1 430 000 |
| Koordinatar | 3°52′N 11°31′E / 3.867°N 11.517°E |
| Høgd | 750 m |
| Tidssone • Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
|
| |
Yaoundé er hovudstaden i Kamerun. Med 1 430 000 innbyggjarar (2005) er Yaoundé den nest største byen i landet etter Douala.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Yaoundé vart grunnlagd i 1889 på grunnlag av den tyske koloniforvaltninga, som forskningsstasjon og hovudlager for elfenbeinshandelen. Under den første verdskrigen vart byen tatt av belgiske troppar, og i 1922 vart byen gjort til hovudstad i Fransk Kamerun.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg på eit platå om lag 750 moh. Omkring Yaoundé har Kamerun den høgaste folketettleiken. Mange av dei 1,4 millionar innbyggjarane bur i dei ytre delane av byen.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 23,3 °C, og varierer i liten grad gjennom året. Den årlege middelnedbøren er 1 617 mm, og ein har to regntider: Ein i september-oktober og ein i april-mai.

