Francesco Agello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francesco Agello

Statsborgarskap Kongedømet Italia
Fødd 27. desember 1902
Casalpusterlengo
Død

24. november 1942 (39 år)
Bresso

Yrke flygar, militær
Francesco Agello på Commons

Francesco Agello (27. desember 190224. november 1942) var ein italiensk testflygar.

Biografi og flyprestasjoner[endre | endre wikiteksten]

Francesco Agello vart fødd i Casalpusterlengo i Lombardia i Italia og uteksaminert frå ein flyskole i 1924. Han vart like etter tilsett som testpilot. Han var den fjerde av fire testepilotar som prøvde å setja fartsrekord med Macchi M.C. 72. Likevel omkom tre av testpilotane (først Monti og deretter Bellini som flaug M. C. 72, Neri omkom i ein CR-20 i 1933).

Agello vart berømt då han lukkast i å føre flyet til ein ny fartsrekord (over vatn) den 10. april 1933. Han oppnådde ein gjennomsnittleg fart på 683 km/t. Meir enn eit år seinare flaug han M.C. 72 til ein ny fartsrekord på meir enn 700 km/t den 23. oktober 1934. Begge vart oppnådd med eit sjøfly, òg luftfarten spelte inn. Ingen har nokon gong floge eit sjøfly med stempelmotor raskare etter denne datoen.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Agello vart tildelt De la Vaulx-medaljen to gonger for sina fartsrekordar, ein gong i 1933 og igjen i 1934.

Død[endre | endre wikiteksten]

Agello døydde 40 år gammal under Andre verdskrigen i samband med testing det nye Macchi C. 202-jagarflyET i Bresso, i nærleiken av Milano. Flyet hans kolliderte med ein annan C. 202 i tett tåke 24. november 1942, floge av eit flygaress frå den fyrste verdskrigen, testpiloten Guido Masiero, som òg omkom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]