Francesco Gabbani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francesco Gabbani
Francesco Gabbani RedCarpet Kyiv 2017.jpg
Fødd9. september 1982 (39 år)
FødestadCarrara
OpphavItalia
Aktiv2000–
Sjangersynthpop, indiepop
Instrumentgitar, piano, tromme, vokal
PlateselskapBMG Rights Management
Verka somsongar, låtskrivar, plateartist
PrisarFestival della Canzone Italiana di Sanremo

Francesco Gabbani (fødd 9. september 1982) er ein italiensk songar og låtskrivar. Han vart kjend i Italia etter å vunne nykommarklassen i San Remo-festivalen i 2016 med songen «Amen».[1] I 2017 vann han klassen for etablerte artistar i same tevlinga med «Occidentali's Karma», som òg var det italienske bidraget i Eurovision Song Contest i Kyiv 13. mai 2017.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Francesco Gabbani framfører «Occidentali's Karma» under ei av prøvene i Kyiv i 2017.

Gabbani slapp sitt debutalbum Greitist Iz i 2010 og fekk kontrakt med plateselskapet BMG i 2015 . Året etter deltok han i San Remo-festivalen, arrangert av den italienske kringkastaren RAI. Der vann han nykommarklassen med «Amen». Han mottok òg kritikarprisen for songen.[3]

«Amen» vart sloppen som singel og vart òg inkludert på albumet Eternamente ora. I 2016 komponerte han soundtracket til den italienske komedien Poveri ma ricchi, regissert av Fausto Brizzi.[4]

I 2017 var Gabbani tilbake i San Remo-festivalen, denne gongen i klassen for etablerte artistar. Der deltok han med «Occidentali's Karma» som enda med å vinne tevlinga laurdag 11. februar. Etter sigeren stadfesta han og RAI at songen skulle representere Italia i Eurovision Song Contest 2017. Der enda songen på ein sjetteplass.

I 2019 gav Gabbani ut singelen «È un'altra cosa», den fyrste singelen frå hans fjerde album Viceversa. I 2020 deltok Gabbani på ny i San Remo-festivalen med songen «Viceversa». Gabbani og songen «Viceversa» enda på andreplass, bak Diodato og songen «Fai rumore».[5][6] Singelen «Viceversa» nådde ein andreplass på den italienske singlelista og vart sertifisert med platina av Federazione Industria Musicale Italiana (FIMI).[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Under er eit oversyn over singlar og album som Gabbani har gjeve ut:[8]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Greitist Iz (2013)
  • Eternamente ora (12. februar 2016)
  • Magellano (28. april 2017)
  • Viceversa (14. februar 2020)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Liste-plassering Sertifiseringer Album
Italia

[9]

2009 «Filodoro» (som bi-artist) Ingen album
2011 «Estate»
«Maledetto amore»
2013 «I dischi non si suonano» Greitist Iz
«Clandestino»
2015 «Amen» 14 Platina[10] Eternamente ora
2016 «Eternamente ora»
«In equilibrio»
«Foglie al gelo» Poveri ma ricchi: Soundtrack
2017 «Occidentali's Karma» 1 Trippel platina[11] Magellano
«Tra le granite e le granate» 78
Tankestrek indikerer at singelen ikkje nådde lista.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Francesco Gabbani» (italiensk). RAI. Henta 9. februar 2017. 
  2. «Francesco Gabbani flies the Italian flag in 2017!». www.eurovision.tv. 12. februar 2017. Henta 13. februar 2017. 
  3. Massimo Longoni (13. februar 2016). «Festival di Sanremo 2016, Francesco Gabbani vince nelle Nuove proposte». Henta 27. januar 2017. 
  4. Alessandro Genovese (12. desember 2016). «Francesco Gabbani firma la colonna sonora di Poveri ma ricchi» (italiensk). AllMusicItalia.it. Henta 9. februar 2017. 
  5. «Sanremo 2020: Ecco chi sono i 22 Big in gara della 70esima edizione del Festival». Coming Soon. 31 December 2019. Henta 5 February 2020. 
  6. «Sanremo 2020. Vince Diodato». Rai News24. 9. februar 2020. Henta 20. august 2020. 
  7. «Italiancharts.com – Francesco Gabbani – Viceversa». italiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. august 2020. 
  8. «Francesco Gabbani». discogs.com. Henta 13. februar 2017. 
  9. «Italian Charts - Francesco Gabbani - Albums». Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 11. februar 2017. 
  10. «Italienske singel-sertifiseringer (Velg Online i feltet Sezione. Tast inn Francesco Gabbani i feltet Filtra. Sertifiseringen vil dukke opp automatisk)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 13. februar 2017. 
  11. «FIMI – Certificazioni». FIMI. Henta 12. mai 2017.