Francisco Fernández Ochoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francisco Fernández Ochoa
Francisco Fernández Ochoa in a crowd, talking on a cellphone.jpg
Fødd 25. februar 1950
Madrid
Død

6. november 2006
Cercedilla

Francisco Fernández Ochoa på Commons
Statue av Francisco Fernández Ochoa i Cercedilla

Francisco Fernández Ochoa (25. februar 19506. november 2006) var ein spansk alpin skirennar fødd i Madrid som vart olympisk meister i slalåm i 1972. Blanca Fernández Ochoa var systera hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fernández Ochoa deltok i fire olympiske vinterleikar, 1968-80. Fram til Vinter-OL 1972 hadde han som best nokre sjuandeplassar i verdscupen i alpine greiner, alle i spesialgreina slalåm. I OL-slalåmen i Sapporo stod han for ein av dei store OL-sensasjonane då han vann ein soleklar siger framom Gustav Thöni frå Italia.

To år etter, under VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz, tok Fernández Ochoa bronsemedaljen i slalåmrennet. Knapt fire veker seinare vann han sin einaste siger i eit verdscuprenn, i ei slalåmtevling i polske Zakopane viste han Gustav Thöni til andreplassen, nett som i slalåmrennet under OL 1972.

Han døydde 56 år gammal i heimbyen Cercedilla i regionen Madrid etter ei tid med lymfekreft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar