Blanca Fernández Ochoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blanca Fernández Ochoa


Statsborgarskap Spania
Fødd 22. april 1963
Madrid
Død

ca. august 2019 (56 år)
Cercedilla

Idrett alpint
Tok del i

Alpine greiner under Vinter-OL 1980, Alpine greiner under Vinter-OL 1984, Alpine greiner under Vinter-OL 1988, Alpint under Vinter-OL 1992 – Slalåm kvinner

Utmerkingar

Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje

Blanca Fernández Ochoa (22. april 19632019) var ein spansk alpin skirennar frå Madrid som vann bronsemedaljen i slalåm under Vinter-OL 1992. Alpinisten Francisco Fernández Ochoa var bror hennar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fernández Ochoa debuterte i verdscupen i 1981-sesongen. Ho tok sin fyrste verdscupsiger då ho i mars 1985 vann eit storslalåmrenn i Vail i USA. Sidan vann ho tre verdscuprenn i slalåm, det siste den 1. desember 1991. Til saman 20 gongar kleiv ho på sigerspallen etter renn i verdscupen, nesten alle i slalåm eller storslalåm.

Frå midt på 1980-talet til ho la opp høyrde ho til verdseliten i både slalåm og storslalåm, men klarde sjeldan å blande seg inn i medaljekampen i dei store meisterskapane. Ho vart nummer seks i storslalåm i Vinter-OL 1984 i Sarajevo, og nummer ni i same greine i Bormio-VM 1985. I 1987 kom ho på femteplassen både i slalåm og storslalåm under VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana, same plasseringa fekk ho i slalåm under vinterleikane 1988 i Calgary.

I VM i alpine greiner 1989 i Vail i delstaten Colorado vart Fernández Ochoa nummer fire i slalåm og åtte i storslalåm. Under dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville tok ho bronsemedaljen i slalåm, Petra Kronberger frå Austerrike vann gullet og Annelise Coberger frå New Zealand bronsen. Medaljen var den andre og hittil (2014) siste olympiske alpin-medaljen til Spania, broren tok den fyrste i 1972.

Blanca Fernández Ochoa la opp som alpinist etter OL-sesongen 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar