Zakopane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zakopane
Zakopane sett frå Gubałówka (Tatrafjella i bakgrunnen)
Zakopane sett frå Gubałówka (Tatrafjella i bakgrunnen)
Byvåpenet til Zakopane
Byvåpenet til Zakopane


Plassering
Zakopane is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Veslepolske voivodskap
Grunnlagd 1600-talet
Borgarmeister Janusz Majcher
Geografi
Flatevidd
 - By

84 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)

27 486
Koordinatar 49°18′0″N 19°57′0″EKoordinatar: 49°18′0″N 19°57′0″E
Høgd over havet 750-1126 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 34-500 til 34-504
Telefon-retningsnummer +48 18
Bilnummer KTT
Nettstad: www.zakopane.eu

Zakopane er ein by heilt sør i Polen med opp under 30 000 innbyggjarar. Han ligg i Veslepolske voivodskap. Byen vert kalla «vinterhovudstaden i Polen» og ligg heilt sør i regionen Podhale ved foten av Tatrafjella, den einaste alpine fjellkjeda i Karpatane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsikt over Tatrafjella

Zakopane ligg i ein stor dal mellom Tatrafjella og Gubałówka-høgda, mellom 750 og 1000 meter over havet. Dette gjer han til den høgastliggande byen i Polen. Den sentrale gata i Zakopane, Krupówki, ligg ved 838 meter over havet.

Den store høgda gjer at byen har eit typisk fjellklima, med låge temperaturar og mykje nedbør, særskild om sommaren.

Innanfor dei administrative områda til byen ligg òg ein stor del av Nasjonalparken Tatra (Tatrzański Park Narodowy).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vert for første gong nemnt under namnet Zakopisko1600-talet . I 1676 hadde den dåverande landsbyen 43 innbyggjarar. Saman med ein del av Tatrafjella vart han seld til Homola-familien i 1824. Den vidare historia var knytt til utviklinga av gruve- og metallurgidrifta i regionen – på 1800-talet var han det største sentret for metallurgi i Galicia. Zakopane opplevde sterk vekst mot slutten av 1800-talet, då det milde klimaet starta å trekke til seg turistar frå Kraków. Byen vart raskt ein populært feriestad for folk frå heile Austerrike-Ungarn.

Byen fekk òg eit stort miljø av intellektuelle. Lenin brukte byen som base i mange år, før den første verdskrigen braut ut. Samstundes heldt mange polske kunstnarar seg til i Zakopane. Blant desse var Henryk Sienkiewicz, Władysław Orkan, Stanisław Ignacy Witkiewicz, Stefan Żeromski, Kazimierz Przerwa-Tetmajer, Jan Kasprowicz, Mieczysław Karłowicz, Karol Szymanowski og Stanisław Witkiewicz. Fleire kjende skodespelarar opptredde ved teateret i Zakopane på den tida, mellom anna Helena Modrzejewska.

Turisme og sport[endre | endre wikiteksten]

Den representative gata Krupówki

Zakopane er den største vintersportstaden i Polen, og det viktigaste senteret for fjellklatring og skiidrett i landet. Det er gode høve både for langrenn, snøbrett og alpint i områda rundt byen. Dei mest kjente er Kasprowy Wierch, Nosal og Gubałówka-høgda.

Byen vart godt kjent blant skiinteresserte då VM på ski vart arrangert der i 1962. Zakopane har dessuten vore vert for Verdsmeisterskapen på ski i 1929 og 1939, Vinter-Universiaden i 1956, 1993 og 2001, samt fleire verdscuprenn i mellom anna skihopp.

Byen er eit sentrum for turisme òg om sommaren, då han er eit fint utgangspunkt for fotturar i Tatrafjella. Zakopane vert vitja av om lag tre millionar turistar i året.

Zakopane-stilen[endre | endre wikiteksten]

Eit hus bygd i Zakopane-stilen

Zakopane er kjent for sin spesielle og unike byggestil, som vart utvikla av Stanisław Witkiewicz. Witkiewicz brukte tradisjonelle lokale byggeskikkar til å utvikle ein spesiell form på trehus, med særs bratte tak og innslag av art noveau. Stilen, som på polsk er kjent som styl zakopiański eller styl witkiewiczowski («Zakopane-stilen», «Witkiewicz-stilen»), vart raskt populær, og mesteparten av byen er framleis i dag bygd i denne stilen.

Górale-kulturen[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Podhale-regionen og dermed òg i Zakopane er kjent som górale i Polen. Desse høglendarane har halde på ein veldig distinkt kultur og dialekt, og var eit symbol på polsk kultur under kampane for polsk sjølvstende gjennom 1900-talet. Sjølv om denne kulturen kanskje har vorte noko utvatna, mellom anna på grunn av utvandring til USA, har han framleis eit fast grep om Zakopane. Det er ikkje uvanleg å sjå folk gå i tradisjonelle folkedrakter i byen på søndagar og andre heilagdagar, og om sommaren vert det ofte halde store utandørskonsertar og -festivalar med den lokale folkemusikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zakopane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]