Frans II av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frans II av Det tysk-romerske riket
Francis II, Holy Roman Emperor by Friedrich von Amerling 003.jpg
Frans som keisar av Austerrike.
Måleri frå 1832 av Friedrich von Amerling.
Fødd 12. februar 1768
Fødestad Firenze
Død 2. mars 1835
Dødsstad Wien
Føregjengar Leopold II
Etterfølgjar Ferdinand I
Far Leopold II (1747–1792)
Mor Maria Luisa av Spania (1745–1792).

Franz II Joseph Karl (12. februar 17682. mars 1835) var keisar av Det tysk-romerske riket frå 1792 til 1806, og som Franz I keisar av Austerrike frå 1804 til han døydde i 1835. Han er også kjend som Franz av Habsburg. Frans II blei den siste tysk-romerske keisaren då han under press frå Napoleon avvikla Det tysk-romerske riket i 1806.


Som leiar for ein stor og multietnisk nasjon følte han seg truga av Napoleon sin retorikk om fridom og likskap i Europa. Han gjekk inn i dei franske revolusjonskrigane og blei slått av Napoleon. Ved traktaten i Campo Formio måtte han avstå området vest for Rhinen til Frankrike i bytte mot Venezia og Dalmatia. Han kjempa mot Frankrike att under den andre koalisjonen, men etter å ha blitt slått ved Austerlitz måtte han gå med på traktaten i Lunéville, som oppløyste Det tysk-romerske riket etter at det hadde vore til i kring tusen år, svekka kronlandet Austerrike og desentraliserte Tyskland.

I 1809 gjekk Frans nok ein gong til åtak mot Frankrike, og håpte då å dra fordel av konflikten Napoleon var inne i i Spania. Han blei slått igjen, og blei tvinga til å alliera seg med Napoleon, avstå territorium, slutta seg til det kontinentale systemet og gifta vekk dottera Maria Luise til han. I røynda blei han gjort til ein vasall under keisaren av Frankrike. Napoleonskrigane svekka Austerrike drastisk og reduserte prestisjen til landet, noko som seinare ville hjelpa Preussen til å sigra i kampen om å dominera Tyskland.

I 1813 gjekk Austerrike mot Frankrike for fjerde gong, og slutta seg til koalisjonen av England, Russland og Preussen i deira krig mot Napoleon, Austerrike spelte ei stor rolle i det endelege nederlaget til Frankrike under Napoleon, og som anerkjennelse av dette var det austerrikarane, representert ved Klemens von Metternich, som leidde Wienkongressen og bidrog til å danna den europeiske konserten og den heilage alliansen, og leia verdsdelen inn i en ny æra av konservatisme og reaksjon.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Frans II var son av den tysk-romerske keisaren Leopold II (1747–1792) og Maria Luisa av Spania (1745–1792).

Han var gift fire gonger

  • 6. januar 1788, med Elisabeth av Württemberg (21. april 1767–18. februar 1790), som døydde etter å ha fødd dottera Ludovika (1790–1791)
  • 15. august 1790, med Maria Theresa av Napoli-Sicilia (6. juni 1772–13. april 1807), som han fekk tolv barn med, inkludert etterfølgeren Ferdinand I og den franske keisarinna Marie-Louise
  • 6. januar 1808, med Maria Ludovika av Austerrike-Este (14. desember 1787–7. april 1816)
  • 29. oktober 1816, med Karoline Charlotte Auguste av Bayern (8. februar 1792–9. februar 1873)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]