Freden i Limerick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avtalesteinen som freden i Limerick vart signert på.

Freden i Limerick enda den vilhelminske krigen i Irland mellom jakobittane og støttespelarane til Vilhelm av Oranien. Han avslutta omleiringa av Limerick. Avtalen bestod i røynda av to avtalar og vart signert den 3. oktober 1691. Visstnok vart dei signert på Avtalesteinen (Treaty Stone), ein stein som ein gong vart nytta til å stige på hestar. Denne steinen står no på ein sokkel i Limerick. På grunn av avtalen vert Limerick stundom kalla Treaty City.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]