Limerick
- For diktforma, sjå limerickvers.
| Limerick | |||
| Luimneach | |||
| by | |||
King John's Castle på sørsida av elva Shannon. | |||
|
|||
| Motto: Urbs Antiqua Fuit Studiisque Asperrima Belli – «Ein eldgamal by godt øvd i krigskunsten» | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Munster | ||
| Grevskap | County Limerick | ||
| Areal | 20,79 km² | ||
| Folketal | 62 702 (3. april 2022)[1] | ||
| Grunnlagd | 812 | ||
![]() Limerick 52°39′55″N 8°37′26″W / 52.6653°N 8.6238°W | |||
| Wikimedia Commons: Limerick | |||
Limerick (irsk Luimneach) er den tredje største byen i Republikken Irland. Han er administrasjonssete i County Limerick i provinsen Munster midt på vestkysten av Irland. Byen ligg ved elva Shannon.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Luimneach var opphavleg eit namn på området ved breidda av Shannon-estuaret, som vart kalla Loch Luimnigh. Dei tidlegaste busetjingane i området var på øya Inis Sibhtonn i tida før vikingar kom til staden. Denne øya vart òg kalla Inis an Ghaill Duibh.
Sjølve byen vart grunnlagd av vikingar i 812. Normannarane bygde om byen på 1100-talet med bygg som King John's Castle og St Mary's Cathedral. Under borgarkrigane på 1600-talet hadde byen ei viktig rolle og vart omleira av Oliver Cromwell i 1651 og to gonger av vilhelmittane i 1690-åra. Limerick voks seg rik gjennom handel på 1700-talet, men Act of Union i 1800 og den store hungersnøden førte til ein økonomisk nedgang som først vart avbrote ved den såkalla keltiske tigeren i 1990-åra.
Limerick vart forbunde til jerbanelinja mellom Dublin og Cork i 1848 og til Waterford i 1853. Opninga av sidespor i 1850- og 1860-åra utvikla Limerick til eit kommunikasjonssenter i regionen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Limerick» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2007.
- The History of Limerick City, av Sean Spellissy (1998)
