Vilhelm III av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vilhelm III
William III of England.jpg
Konge av England, Irland og Skottland
Regjeringstid1689-1694
Fødd14. november 1650
FødestadHaag i Nederland
Død8. mars 1702 (51 år)
DødsstadEngland
Gift medMaria II av England
FarVilhelm II
MorMaria av Oranien

Vilhelm III (14. november 16508. mars 1702) , òg kjend som Vilhelm av Oranien, var statthaldar i Nederland frå 28. juni 1672 og konge av England, Skottland og Irland frå 1689 til 1694.

Vilhelm III vart fødd i Haag som prins av Oranien og nevø av Karl II og Jakob II. Frå fødselen til 1667, og igjen frå 1672, var han statthaldaren til Nederland i strid med overklassa til landet. Ved den franske invasjonen i 1672 fekk han endeleg leiinga av Nederland og vart livet igjennom verande ein skarp motstandar av Ludvig 14. og den franske stormaktspolitikken.

Frå 1677 var Vilhelm gift med Maria, dotter til Jakob II, som han seinare regjerte saman med i England. Han var protestant, og vart av den engelske opposisjonen oppfordra til å overta makta frå den katolske Jakob II. Han gjekk i land i England den 5. november 1688 med ein nederlandsk hær, men Jakob flykta utan kamp. Før dei overtok regjeringa måtte Vilhelm og Maria underskrive ein historisk avtale om rettar; «Bill of Rights» som sikra makta til parlamentet. Vilhelm overheldt stort sett lovnadene, men hadde likevel til tider stor innverknad over utanrikspolitiske spurnader. Utanom nederlandske rådgjevarar støtta han seg på ein krins av relativt lojale engelske adelege, mellom andre hertugen av Marlborough, Lord Shrewsbury og Lord Godolphin. Utan å bli spesielt populær i England oppnådde han respekt ved den faste protestantiske haldninga si.

I regjeringstida si støtta Vilhelm heilhjarta kampen mot Frankrike og førte krig i Irland 1690 for å hindre invasjonsforsøket til eks-kong Jakob. I 1702 organiserte han med aksepten til Parlamentet ein koalisjon mot Frankrike som førte til den spanske arvefylgjekrigen, men døydde etter eit rideuhell før krigen kom i gang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]