Fredens bolig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fredens bolig er eit parkområde på Stølen i Bergen og ligg rett nord for Krohnengen skule. Namnet skriv seg frå «assistenskyrkjegarden» for Korskyrkjesoknet i Bergen som vart opparbeidd i 1809. Svenske krigsfangar vart sende frå Austlandet for å vere med på opparbeidinga av kyrkjegarden, som hadde plass til 2200 graver. Kyrkjegarden var i bruk til 1928, og vart formelt nedlagd som gravplass i 1968.