Austlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Noreg, med den mest vidfemnande definisjonen på Austlandet markert i raudt

Austlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Dovre/Rørosvidda og aust for Langfjella. Landsdelen blir grovt rekna til å omfatte fylka Østfold, Akershus, Oslo, Innlandet, Buskerud, Vestfold og Telemark.

Totalt utgjer Austlandet 94 575 km² (29,2 % av arealet til Noreg) med 2 305 109 innb. (2006, 49,7 % av folketalet i Noreg). Delen av folkemengda i Noreg som budde på Austlandet var sterkt aukande fram til kring 1970; i 1970-åra gjekk delen litt tilbake, vesentleg som følgje av stagnasjonen i folketalet i Oslo-området. Frå midten av 1980-åra har folkemengda på ny vist ein stigande tendens, parallelt med ny vekst i Oslo-området. I perioden 1996–2006 hadde Austlandet 62,9 % av den samla folkeveksten i landet. Av dette fall 41,1 % på Oslo og Akershus og 21,8 % på landsdelen elles. Dette avspeglar ei tydeleg sentralisering av busetnaden på Austlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]