Frederick Rocks
Frederick Rocks | |||
klippe | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane | ||
Del av | Sør-Shetlandsøyane | ||
Stad | Livingston Island | ||
- koordinatar | |||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Frederick Rocks | |||
Frederick Rocks er ei gruppe skjer som ligg i Barclay Bay på nordsida av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Området vart vitja av tidlege selfangarar på 1800-talet som operererte frå nærliggande Byers Peninsula.
Skjera er kalla opp etter den amerikanske briggen «Frederick» under kaptein Benjamin Pendleton som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820-21 og 1821-22.
Skjera ligg 12,24 km sørvest for Cape Shirreff, 4,69 km vest-sørvest for Scesa Point, 5,28 km vest-nordvest for Rowe Point og 13,3 km aust-nordaust for Essex Point.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Frederick Rocks» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: