Selfangst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inuit fangar sel ved pustehol. Bilete frå kring 1890.

Selfangst er fangst på sel, hovudsakleg på grunn av pelsen og spekket. Særleg ettertrakta har pelsen av nyfødde selungar vore.

Kommersiell fangst av viltlevande sel, vert i vår tid utøvd av Noreg, Canada og Russland i dei nordatlantiske farvatna. Dei viktigaste artane, økonomisk sett, er grønlandssel, klappmyss og storkobbe.

Den norske fangsten går føre seg i to område, omtalt som Østisen og Vesterisen. Østisen er områda utanfor Kvitsjøen i den økonomiske sonen til Russland. Vesterisen er havområda ved Grønland. Dei norske fangstkvotene for sel vert fastsett etter tilråding frå Det internasjonale havforskingsrådet, Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjon og Havforskingsinstituttet. Noreg sine kvoter i 2007 var på til saman 46 200 vaksne dyr, av dette 15 000 i Østisen og 31 200 i Vesterisen. Russland har forvaltningsansvar for bestanden i Østisen, medan bestandane i Vesterisen er spreidd over fleire fiskerijursidiksjonar.

Forlisa i Vestisen skjedde i 1952 då fem norske selfangstskuter frå Troms og Sunnmøre med til saman 78 mann ombord forsvann under ein kraftig storm i Vestisen ved Grønland.

Selbestandar[endre | endre wikiteksten]

Kvitunge

Det finst sju selartar i havområda i nærleiken av Noreg. Kvalross-stammen i Nord-Atlanteren er liten og har vore totalfreda i Noreg sidan 1952. Ringsel er ein særs talrik art, som truleg tel over fem millionar individ. Storkobbe (blåsel) er mindre talrik, og tel totalt under éin million individ. Desse artene vert ikkje utnytta av norske fangstmenn. Langs norskekysten lever kystselartane steinkobbe og havert, og desse vert utnytta sidan 1997 i ein kvoteregulert fangst.

To arter, grønlandssel og klappmyss, er i dag gjenstand for kvotebestemt utnytta av norske fangstfolk. Desse artene er pelagiske; det vil seie at dei rører seg over store havområde på næringsvandring. Grønlandssel og klappmyss vil difor kunne endre vandringsmønster viss levevilkåra i tradisjonelle næringsområde blir endra, eller viss storleiken på bestandane til artane endrar seg. Invasjonen av grønlandssel på norskekysten dei siste åra må ein sjå på i ein slik samanheng.

Pelsverket av selungane er særleg verdifullt. Ungane av grønlandssel er heilt kvite i pelsen dei første par vekene. Dei blir kalla kvitungar, og pelsen blir omsett som «whitecoat». Ungane av klappmyss har ein blåaktig pels, og denne blir omsett som «blueback». Når ungane skal fødast, samlar desse selartane seg i store flokkar på pakkisen, i såkalla kastelegre. Klappmyssen har kastelegre i tre område: ved Davissundet, utanfor Newfoundland og ved Jan Mayen. Grønlandsselen sin kastelegre finst ved Newfoundland, Jan Mayen og i Kvitsjøen.

Bestanden av grønlandssel vert ved Jan Mayen rekna å vere rundt 360 000 dyr, medan bestanden i Kvitsjøen truleg tel 1,8 millionar dyr. Klappmyssbestanden ved Jan Mayen vert rekna til ca. 100 000 dyr.

Lovgjeving og forvalting[endre | endre wikiteksten]

Fangsten i det nordvestlege Atlanterhavet blir regulert etter internasjonal avtale gjennom Den norske-kanadiske selfangstkommisjonen i samsvar med vitskaplege vurderingar i Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO), medan fangsten austom Kapp Farvel på Grønland, er underlagt Selfangstkommisjonen for det nordaustlege Atlanterhavet.

Noreg fekk den første lova om freding av sel 18. mai 1876. Kvalrossen vart totalfreda ved kongeleg resolusjon 20. juni 1952. Pelssel (kerguelenpelssel) og sørleg sjøelefant er freda på Bouvetøya, Peter I Øy og i sjøen eller på drivis sør for 50 °S (kgl.res. 4. juni 1965). For områda sør for 60 °S. gjeld dessutan freding av rossel på land og fastis, og dessutan alminneleg forbod mot fangst eller avliving av sel som held seg i sjøen (kgl.res. 5. juli 1968).

Konsesjonsordning for selfangsten vart innført i 1969. Det er no fastsett i lov om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) av 26. mars 1999 (§ 12) at ingen må drive selfangst utan spesiell løyve frå departementet.

Selfangsten på norskekysten er regulert ved forskrift om forvaltning av sel på norskekysten av 6. mai 1996. Han fastset at det innanfor den norske fiskerigrense er forbode å fange, jage, drepe eller skade sel. Fiskeridirektoratet eller det direktoratet styrer over kan gje løyve til seljakt innanfor ein totalkvote i område der bestanden blir vurdert som jaktbare. Unntak frå forbodet blir gjort for sel som gjer skade på fiskereiskap og oppdrettsanlegg i sjøen eller som held seg i vassdrag der det går laks, sjøaure eller sjørøye. Forskriftene inneheld òg forbod og påbod når det gjeld avlivingsmetodar.

Forskrift om regulering av fangst av sel i Vesterisen og Østisen av 20. feb. 2006 regulerer fangstfelta i det nordlege Atlanterhavet. Kvart år blir gjeve det vilkår om kor lenge fangstsesongen varer og kvoteavgrensing.

Sjøpattedyrrådet, oppretta 2001, vert oppnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet og er dei faglege organa til departementet i forvaltninga av sel og andre sjøpattedyr. Det skal gje departementet råd som dannar grunnlaget for forvaltninga sine avgjerder i reguleringssaker.

Fangstmetodar[endre | endre wikiteksten]

Hakapik
Selfangst på isen i 1904.
Foto: Anders Beer Wilse (1865–1949)

Utøvinga av den norske selfangsten er underlagt avgjersler fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet i samsvar med saltvassfiskelova av 1983 og deltakarlova av 1999. Det blir fastsett når fangstsesongen startar og når han sluttar. Fangstfolka skal under fangsten vise det største omsyn og nytte humane fangstmetodar for å hindre unødige lidingar for dyra. Det er forbode å fange eller drepe diande ungar eller hoer i ungelegrene. Det er forbode å fange eller drepe ungar av grønlandssel som blir forsvart av mødrene sine. Det er vidare forbode å fange eller drepe sel som held seg i sjøen, eller å bruke fly eller helikopter til fangstføremål. Det er òg forbod mot å bruke ei rekkje formar for fangstreiskap. For fangst av vaksne dyr er berre tillate skytevåpen av spesielt kaliber og ammunisjon med ekspanderande kule. For fangst av ungar er det i tillegg til skytevåpen tilgjenge til å bruke hakapik, som er eit reiskap med ein jernsko med ein lang pigg festa på eit skaft av tre, og som i den butte enden av jernskoen kan ha ein hammartapp. Òg slagkrok kan nyttast, eit reiskap som er 50 cm langt med nærare fastsett vekt og som skal vere laga av godkjent materialtype. Det er vidare avgjersler om nytta av desse reiskapane for å sikre at dyra blir avliva, og korleis dyra deretter skal handsamast. Dei som deltek i fangsten må ha gjennomgått kurs og bestått prøver i regi av Fiskeridirektoratet.

Fangstutbytte[endre | endre wikiteksten]

Selskinnsvest

Den norske fangsten av grønlandssel og klappmyss i Vesterisen og Østisen utgjorde i 1970-åra rundt ca. 100 000 dyr årleg. Sidan den gongen har utbyttet gått kraftig tilbake. Dei seinare åra har norsk fangst av grønlandssel utgjort ca. 7500 dyr, av dette er ein tredel teke i Østisen. I Vesterisen har fangsten av klappmyss lege på 5000–7000 dyr årleg. Òg Canada og Grønland driv fangst etter klappmyss og grønlandssel. I den norske fangsten deltek årleg rundt fem selfangstskuter.

Av kystsel vart det i 2005 fanga ca 600 steinkobbe og ca 380 havert.

Ei hovudårsak til nedgangen i fangsten er at marknaden for selskinn er vorte sterkt avgrensa sidan 1980-åra som følgje av aksjonar frå dyre- og miljøvernorganisasjonar. Det førte til forbod i EU mot import av skinn frå selungar, som var den økonomisk viktigaste delen av eksporten av selskinn. Sidan har den norske fangsten vorte oppretthalde gjennom subsidiar frå staten. Norske styresmakter ynskjer å halde ein stabil bestand fordi selen jaktar på dei same fiskeartane som norske fiskarar lever av.

Russland driv ein stor fangst av grønlandssel i Kvitsjøen. Selfangst på ulike arter blir òg drive i det nordlege Stillehavet, og i mindre målestokk ulike stader som i Kaspihavet, ved Kamtsjatka, utanfor Sør-Amerika og Sør-Afrika. Kerguelenpelsselen på øygruppene rundt Antarktis vart praktisk talt utrydda på grunn av fangst på 1800-talet. Bestandane har likevel teke seg opp att.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norsk selfangsthistorie[endre | endre wikiteksten]

Fangst og jakt på sel har alltid vore ein viktig del av næringsgrunnlaget i arktiske område. Kystselfangst har vorte drive frå gammal tid, men spelar i dag svært lita rolle. Selfangst frå fartøy tok til på byrjinga av 1700-talet, men fekk ikkje noko større omfang før ca 100 år seinare. I første rekkja var det selfangstskuter frå dei nordlege landsdelane som drog mot Bjørnøya og Spitsbergen, og jakta gjekk mest etter kvalross. Seinare deltok skutar frå Sør-Noreg og Nordvestlandet, som gjekk til områda rundt Jan Mayen (Vestisen). Sidan kvalrossbestanden hadde gått kraftig tilbake, vart grønlandssel og klappmyss dei viktigaste artene. Òg i Østisen – områda mellom Svalbard, Novaja Zemlja og Kvitsjøen – vart det fanga sel, stort sett grønlandssel. I perioden frå 1930-åra til 1982 har norske skutar òg drive fangst ved Newfoundland. Frå omkring 1900 er selfangst vesentleg vorte drive av fangstfolk frå Møre og Nord-Noreg, og i dag har selfangsten sine basar på Møre og i Troms.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]