Frederik Johnstrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frederik Johnstrup
Johnstrup.png
Fødd 12. mars 1818
København
Død

31. desember 1894
København

Yrke paleontolog, geolog

Johannes Frederik Johnstrup (fødd 12. mars 1818 i Christianshavn i Danmark, død 31. desember 1894) var ein dansk geolog. Han gjorde ei stor vitskapleg og administrativ innsats og er kjend for å ha innført istidsteorien i Danmark. Han grunnla Danmarks geologiske Undersøgelse i 1888 og Grønlands geologiske og geografiske Undersøgelse i 1876.

Johnstrup vart bachelor i 1844 og vart professor i mineralogi og naturvitskap ved Sorø Akademi i 1846. Då akademiet vart lagt ned i 1848 vart han assisterande lektor i Kolding. Tre år seinare underviste han i Sorø og i 1866 vart han professor i mineralogi og geologi ved Universitetet i København og Polyteknisk institutt.

I 1876 leia han ein ekspedisjon til Island for å studere Askja og vulkanane ved Mývatn i lag med Þorvaldur Thoroddsen som guide.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hintze, V. Thoroddsen, Thorvaldur i C. F. Bricka (ed.): Dansk biografisk lexikon: tillige omfattende Norge for Tidsrummet 1537–1814; Gyldendal, København 1887–1905; vol. XVII (1903), s. 283-5.