Frederiksstaden

Koordinatar: 55°41′4.3908″N 12°35′32.611″E / 55.684553000°N 12.59239194°E / 55.684553000; 12.59239194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°41′4.3908″N 12°35′32.611″E / 55.684553000°N 12.59239194°E / 55.684553000; 12.59239194

Ein del av kartet til ingeniøroffiser Christian Gedde frå 1757 kor ein kan sjå Amalienborgslotta rundt slottsplassen og dei rette gatene i Frederiksstaden.

Frederiksstaden er ein bydel i den indre delen av København prega av rette gater og bygg i rokokko. Den er kalla opp etter kong Fredrik V som fekk han bygd frå 1749 av for å feire fyrstehuset Oldenburgs 300 år på den danske trona.[1]

Ansvaret for det arkitektoniske og kunstnarlege arbeidde gjekk til Nicolai Eigtved. Sentrum for den nye bydelen blei Amalienborg Slotsplads med ryttarstatua av Fredrik, Amalienborgslotta og Marmorkyrkja, alt i tidas rokokko.[1]

Etter at Eigtved dødde i 1754 fekk Laurids de Thurah ansvaret. Han dødde i 1759 og den franske arkitekten Nicolas-Henri Jardin tok då over.[2]

Kulturkanonen[endre | endre wikiteksten]

Frederiksstaden er ein del av Danmarks kulturkanon under kategorien arkitektur. I grunngjevinga si seier Kanonutvalget mellom anna:

«Frederiksstaden er et af de betydeligste nordeuropæiske rokokoanlæg. Den er udviklet langs Københavns havn på et grundstykke med klare grænser. Gadenettet er retvinklet, og planens hovedakser mødes i en ottekantet plads, hvor fire ensdannede palæer er placeret i pladsens diagonaler. Pladsens centrum er markeret med Salys rytterstatue af Frederik V. Kirken danner udgangspunkt for tværaksen, der forbinder den centrale plads med havnen. Bydelens borgerhuse er udført efter et facadeskema, hvor de enkelte huse er symmetriske og har en ensartet etageopbygning, som giver gennemgående vandrette linjer i gadeflugten. Frederiksstaden udgør i kraft af enkle hovedgreb en robust og nuanceret bymæssig helhed af åbne og sluttede rum.»[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Frederiksstaden frå Dansk Arkitektur Center
  2. Frederiksstaden Arkivert 2013-12-19 ved Wayback Machine. frå Jens Fleischer: København. Kulturhistoriek opslagsbog med turforslag
  3. Om Frederiksstaden Arkivert 2013-10-23 ved Wayback Machine. frå Den danske kulturkanonen, Arkitektur side 11-12

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne arkitekturartikkelen som har med Danmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.