Marmorkyrkja
Marmorkyrkja | |
Marmorkirken | |
Foto: Ib Rasmussen
|
|
Stad | Frederiksstaden i København |
---|---|
Arkitekt | Nicolai Eigtved, Nicolas-Henri Jardin og Ferdinand Meldahl |
Material | Marmor |
Innvigd | 19. august 1894 |
- Endringar | 1749–1770 og 1877–1894 |
Kyrkjegard | Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja |
Preikestol | I norsk marmor og teikna av arkitekt Emanuel Monberg |
Døypefont | To døypefontar; ein dåpsengel i bronse av Stephan Sinding og ein marmorfont av Joakim Skovgaard. Døypefonten til Sinding er ikkje nytta lenger og er stilt ut i museet tilknytta kyrkja. |
Altartavle | Altartavle i furu og stukk dekorert som marmor. Teikna av Meldahl og laga av bilethoggar Hans Christian Petersen, staffering av målaren C. N. Overgaard. |
Orgel | Marcussen & Søn-orgel frå 1963 med 51 stemmer |
Sitjeplassar | 900[1] |
Diverse | På takterrassen står det 18 skulpturar i sink og i gatehøgde rundt kyrkja 14 i bronse av danske kyrkjefedre frå Ansgar til Grundtvig og Kierkegaard. |
Wikimedia Commons: Marmorkirken | |
Marmorkyrkja (Frederikskyrkja) er ei kyrkje i historisme som ligg i Frederiksstaden i København. Kyrkja har ei bygningshistorie på om lag 150 år bak seg. Grunnsteinen vart lagd ned av kong Fredrik V 31. oktober 1749 og ho vart innvigd 19. august 1894.[2]
Kyrkja vart opphaveleg planlagd som ein del av Amalienborgaksen med Amalienborgslotta og slottsplassen i Frederiksstaden for å feire fyrstehuset Oldenburgs 300 år på den danske trona.[3]
Nicolai Eigtved hadde det overordna ansvar og leverte sjølv utkast til kyrkja, men ingen av dei blei nytta.[4] Etter at Eigtved dødde i 1754 fekk Laurids de Thurah ansvaret. Han dødde i 1759 og den franske arkitekten Nicolas-Henri Jardin tok då over.[5] Jardin endra dei opphavelege planane og teikna ei klassisistisk kyrkje i norsk marmor. [6] Bygginga tok til og pågjekk i fleire år inntil ho vert stoppa av økonomiske grunnar av Johann Friedrich Struensee i 1770. Byggverket var da 19 meter høgt og blei liggande som ein ruin.
I 1874 kjøpte forretningsmannen Carl Frederik Tietgen ruinen av Finansministeriet og forplikta seg til å fullføre kyrkja. Han engasjerte arkitekt Frederik Meldahl som utfrå det gjenverande skapte ei kyrkje inspirert av Peterskyrkja i Roma.[6]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Kirkehistorie.dk
- ↑ Rids af Marmorkirkens historie frå Marmorkyrkjas heimeside
- ↑ Frederiksstaden frå Dansk Arkitektur Center
- ↑ Nicolai Eigtved på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
- ↑ Frederiksstaden frå Jens Fleischer: København. Kulturhistoriek opslagsbog med turforslag
- ↑ 6,0 6,1 Marmorkirken frå Dansk Arkitektur Center
|