Fredrik IV av Holstein-Gottorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik IV av Holstein-Gottorp
Frederik IV af Slesvig-Holsten-Gottorp.jpg
Fødd18. oktober 1671
Gottorp
Død19. juli 1702
Slaget ved Kliszów
Alle titlarhertug
Aliasdansk Frederik IV, tysk Friedrich IV.
Hus eller slektHolstein-Gottorp
GravstadSlesvig domkirke
LandTyskland
MorFrederikke Amalie
FarChristian Albrecht
EktefelleHedvig Sophia av Sverige
BarnKarl Fredrik av Holstein-Gottorp

Fredrik IV av Holstein-Gottorp (18. oktober 167119. juli 1702) var hertug av Holstein-Gottorp frå 1694. Han var son til hertug Christian Albrecht av Holstein-Gottorp.

Han hadde eit liv i stadig konflikt med Danmark. Då faren døydde i 1695, forsterka han banda til den svenske kongefamilien ved å gifte seg med syster til Karl XII, Hedvig Sophia av Sverige i 1698. Gjennom hustrua fekk hertugen eit sterkt grep om svogeren sin, den unge kongen av Sverige. Samstundes omdanna han dei militære styrkane sine til ein kopi av den svenske. Han ustyrte dei med blå uniformer og verva mange svenske offiserar og soldatar. I realiteten integrerte Frederik IV hæren sin i den svensken. Han oppførte festningar i strid med tidlegare inngåtte avtaler med Danmark.

Krigen i 1700 kunne ha utradert dei gottorpske delane av hertugdømet om det ikkje hadde vore for intervensjonen til stormaktene. Ved Altonaforliket i 1689 hadde dei påtatt seg å vere garantistar for freden. Nederlaget til Danmark-Noreg var audmjukande.

Fredrik IV deltok i det polske felttoget til svogeren Karl XII under den store nordiske krigen, der dei hadde til hensikt å få avsett August den sterke. Polakkane og forbundsfellane deira frå Sachsen hadde gjort inntog i Svensk Livland med byen Riga. Hertugen av Holstein-Gottorp fall under slaget ved Kliszów den 9. juli 1702.

Born:

  1. Den svenske tronpretendenten Karl Fredrik av Holstein-Gottorp, fødd 1700, død 1739.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]