Riga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riga
Gamlebyen i Riga
Gamlebyen i Riga
Byvåpenet til Riga
Byvåpenet til Riga
Styresmakter
Land
Fylke
Latvia
Riga fylke
Grunnlagd
Byrettar
1158
1201
Borgarmeister Nils Ušakovs
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Vatn

307,17 km²
  48,50 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik
 - Storbyområde

727 578
  2 382/km²
1 148 003
Koordinatar 56°58′″N 24°8′″EKoordinatar: 56°58′″N 24°8′″E
Diverse anna
Heimeside: http://www.riga.lv
Plassering
Latvia-Riga city.png

Riga (latvisk: Rīga, estisk: Riia, polsk, litauisk: Ryga) er hovudstaden i Latvia. Byen ligg i Rigabukta ved Austersjøen. Byen har kring 720 000 innbyggjarar (2006). Den er den største byen i dei baltiske statane. Det latviske parlamentet Saeima høyrer òg heime her, i tillegg til presidenten av Latvia.

Elva Daugava går gjennom byen, som er delt i tre hovuddelar: Gamlebyen og sentrum på nordbreidda og Pardaugava på sørbreidda. Gamlebyen og sentrum har mange bygg i Art Nouveau-stil, og gamlebyen har i tillegg mange bygg frå mellomalderen. Byen er relativt flat, og over taka ragar spira på dei mange kyrkjene. Det 368,5 meter høge Fjernsynstårnet er den høgaste konstruksjonen i byen og det tredje høgaste tårnet i Europa.

Gamlebyen i Riga er teken med på UNESCO si liste over verdsarv.


Geografi og demografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg på ei sandslette ved munningen av elva Daugava. Arealet på 307,17 km² er fordelt på 67 km² bustadområde (21,8 %), 54,45 km² industriområde (17,0 %), 24,64 km² vegar og gater (8,0 %), 57,54 km² parkar (19,0 %) og 48,50 km² vatn (15,8 %). Elva går gjennom byen, og på nedsida av gamlebyen kan ein spasere langs elvebreidda.

Riga har eit maritimt klima, ganske likt det ein finn i Stockholm med milde, våte vintrar. Gjennomsnittstemperaturane er −4,9 °C i januar og +16,9 °C i juli.

Av innbyggjarar er 55,4 % kvinner og 44,6 % menn. Fødselsraten i 2001 var 7,1 per 1000.

I 2001 var 41,5 % etniske latviarar og 43,5 % etniske russarar. Resten var hovudsakleg av polsk, kviterussisk og ukrainsk opphav. Majoriteten av russarar kan ein ikkje sjå gatebiletet, då alle skilt og offentlege oppslag er på latvisk (russiske skilt i det offentlege rom er forbode). Nesten all reklame vert òg formidla på latvisk. Det er nokre spenningar mellom folkegruppene, men det fører sjeldan til valdelege episodar. Berre nokre få samanstøyt har hendt mellom folkegruppene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Silhuett av byen på et tresnitt frå 1500-talet, framleis gjenkjenneleg i dag
Bybilete frå moderne tid, Dome-katedralen i bakgrunnen
Foto: Martin Thirolf
Rådhuset på 1600-talet

Riga hadde lenge ei sterk tyskkulturell tilknyting. Tyske kjøpmenn grunnla Riga alt i 1158 som ein handelsstad, i nærleiken av lokale stammer. Byen reknar grunnlegginga si for å vere 1201, då han fekk byrettar av erkebiskop Albert av Buxhoeveden-Bremen, som flytta hit frå Ikšķile. Byen vart då hovudstad i Livland, som høyrde til Den tyske riddarorden, eit rike med flytande grenser som strekte seg over store delar av Baltikum og seinare Preussen. Tysk var det einaste offisielle språket fram til 1891.

Riga vart med festningane sine base for tyske framstøytar mot dei baltiske stammene. I løpet av 1200-talet auka handelen, og byen vart eit av dei viktigaste knutepunkt mellom aust og vest.

Frå 1289 var byen med i den mektige Hansaen. Hansaen sitt vern gav Riga eit solid økonomisk fundament fram til slutten av 1300-talet, då dei mange konkurrentane til Hansaen svekte påverknaden deira. Den siste Hansadagen (hanseatisk parlament) vart sett i 1669.

På 1500-talet, under Martin Luther si tid, vart området protestantisk. Etter ein periode som fri keisarby (1561-1581) under Det tysk-romerske riket kom Riga under Den polsk-litauiske realunionen sin kontroll. Mellom 1621-1710 høyrde til han Sverige og var i denne tida den største byen i det svenske riket som ein del av Svensk Livland. Så kom han under Russland. Etter den store nordiske krigen voks Riga til ein leiande hamneby, og seinare industriby, innanfor Det russiske riket. I 1900 hadde Riga 283 943 innbyggjarar, og var den nest største byen vest i det russiske imperiet (etter St. Petersburg). Ei folketeljing for perioden 1906-1913 viste at byen hadde 336 800 innbyggjarar. Av desse var 46 % baltiske tyskarar, 20 % latviarar, 20 % russarar og 12 % jødar.

19141920 vart byen hardt råka av den første verdskrigen sidan han låg heilt på frontlinja. 200 000 arbeidarar vart saman med familiane sine og produksjonsmidla evakuerte til meir sentrale strøk.

Seinare følgde den russiske revolusjonen og påfølgjande borgarkrig. 18. desember 1918 vart Latvia erklært som ein suveren stat, og Riga vart hovudstaden i det nye landet. Både byen og landet elles var sterkt prega av krigen sine herjingar, men i løpet av 1920-talet bygde Riga seg opp til å verte eit senter for handel, utdanning og kultur.

Dette varte fram til den andre verdskrigen, då Sovjetunionen under Stalin invaderte Latvia og sette i gang massedeportasjonar av både latviarar og tyskarar og ei brutal russifisering av landet. I løpet av krigen vart russarane kasta ut av landet av tyske styrkar som deporterte og nesten heilt utrydda Riga sin store jødiske folkesetnad. Mot slutten av krigen erobra Stalin landet på ny. Det vart verande ein del av Sovjet fram til Sovjetunionen gjekk i oppløysing 45 år seinare. I mellomtida vart landet delvis busett med fleire russarar, og det bur i dag 30 % russarar i byen.

Byvåpenet vart godkjend 31. oktober 1925 og fornya i 1988. Det viser ein open port og to tårn som symboliserer byen sitt sjølvstende. Over porten er to svarte nøklar i kryss som symboliserer herredømet til paven, og over nøklane er ein gylden kross og ei gylden krone som symboliserer audmjukskap ovanfor biskopen. Den store versjonen av våpenet vert halden av to gylne løver.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Byen vert administrert av ein borgarmeister (i 2005 Aivars Aksenoks) og eit byråd. Borgarmeisteren vert vald av byrådet sine 60 medlemmer. Borgarmeisteren er mellom anna byrådet sin ordførar under debattar og representant overfor rettsvesenet og staten.

Byrådet er delt mellom forskjellige parti og lister, og vert valt av innbyggjarane i byen kvart fjerde år. Byadministrasjonen vert leidd av ein direktør.

Byrådet i Riga har ei lang historie: Det vert nemnt alt i dokument frå 1210. Dei første spora av eit byråd med formell makt stammar frå dokument frå 1225. På 1200-talet styrte byrådet byen og verka som lovgjevande makt, men frå 1300-talet tok dei òg over dømmande makt. På byrjinga av 1200-talet var rådsmedlemmene valde for eitt år om gongen, men etter kvart byrja dei å velje sine eigne etterfølgjarar, og til slutt var rådsmann eit livslangt yrke. Uansett så var byrådet representant for den tyske overklassen.

Etter 1581, då dei kom inn under Polen-Litauen, vart rettane til byrådet innskrenka. På slutten av 1500-talet var òg byrådet i klammeri med dei mektige lauga om korleis byen skulle styrast, noko som toppa seg i «kalenderopprøra» i perioden 15841589. På byrjinga av 1600-talet vart byrådet støtta av svenskekongen (Riga var då under Sverige), og det vart uro på nytt.

Riga fall under det russiske tsardømet i 1710 og vart ein provins, og etter reformer i 1783 var det generalguvernøren som styrte. Byrådet prøvde med vekslande hell å ta tilbake makt i åra som følgde, men først i ei reform i byadministrasjonen i 1870 vart dei ein maktfaktor igjen. I 1877 vart denne reforma òg implementert i Riga. Byrådet vart nydanna saman med byadministrasjonen, og ein borgarmeister vart vald. Dette systemet vart òg nytta då Latvia var sjølvstendig første gong (1918–1940).

Under sovjetisk styre vart byen delt i seks soner, og etter kvart vart det sett inn eit «folkeråd». Dette rådet vart i teorien vald av folket, men i praksis iverksette dei berre tiltak godkjende av dei sovjetiske styresmaktene.

Riga har i dag spesiell økonomisk status i Latvia som frihamn. Det tyder mellom anna store skatteletter for selskap som opererer innanfor frihamnssonen, ingen moms på dei fleste varer og tenester og ingen drivstoffavgifter. Den einaste andre frihamna i landet er Ventspils, men Rēzekne og Liepaja er spesielle økonomiske soner.

Næringsliv og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Hamna på 1890-talet

Nesten alle viktige finansinstutisjonar i Latvia ligg i Riga, inkludert nasjonalbanken Latvijas Banka. Import- og eksportverksemd har alltid vore viktig for byen, og tok seg opp enno meir då Latvia gjekk inn i EU 1. mai 2004. Riga står for om lag halvparten av produksjonen i Latvia. Hovudnæringsvegar er finans, offentlege tenester, mat og drikke, farmasøytisk industri, trelast, trykking og forlagsverksemd, tekstilar og møblar og telekommunikasjon.

Frihamna er lagt i nærleiken av Riga, og er isfri heile året. Kapasiteten til hamna var i 2005 20 millionar tonn i året. Frihamna ekspanderer for tida, og er medlem av IAPH, ESPO, BPO og Europe Cruise Organization.

Sidan sjølvstendet har norsk næringsliv òg etablert seg i byen. Tydeleg i bybiletet er kioskkjeden Narvesen, supermarknadene RIMI og Rema 1000, kleskjedene Cubus og Dressmann og bensinstasjonar frå Statoil.

Ei rekkje akademiske institusjonar høyrer heime i byen, inkludert Universitetet i Latvia (Latvijas Universitāte), Det tekniske universitetet i Riga (Rīgas Tehniskā Universitāte), Riga Stradins universitet (Rīgas Stradiņa Universitāte) og Riga-avdelinga til Handelshøgskulen i Stockholm (Rīgas Ekonomikas Augstskola).

Turistattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Riga festning, som har to av byen sine finaste museum, og dessutan er heim for landet sin president.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Dei viktigaste attraksjonane i Riga baserer seg på historia til byen, og særskilt gamlebyen. Opphavet til byen frå mellomalderen kan ein framleis tydeleg sjå i arkitekturen, saman med spor av gotisk arkitektur, barokk arkitektur og art nouveau. Senteret av byen vert rekna som den beste samlinga av Art Nouveau-bygningar i Europa og står på UNESCO si verdsarvliste.

Det står mellom anna framleis 24 lagerbygg frå mellomalderen i gamlebyen, men det mest kjende eksemplet på mellomalderarkitektur heiter «Tre brør». Den einaste gjenverande byporten heiter «Svenskeporten».

Sentralt i gamlebyen står Dome-katedralen, som hadde byggjestart i 1211. Gjennom hundreåra har katedralen vorte bygd på, og framstår i dag som ei blanding av romansk, renessanse, barokk og klassisk arkitektur. Katedralen sitt orgel med nesten 7000 piper er eit av dei største i verda og framleis jamleg i bruk.

Andre kyrkjer er det mange av, men den mest kjende er St. Peter, som med det 137 meter høge spiret ragar over byen. Den mest framherskande russisk-ortodokse kyrkja vert kalla «planetariet» på folkemunne, sidan dei sovjetiske styresmaktene nytta bygningen til dette formålet under okkupasjonen.

19 % av byen er dekt av parkar, noko som utgjer over 54 km².

Riga har om lag 50 større og mindre museum. Eit av dei viktigaste er Latvia nasjonale historiske museum som ligg i Riga festning (Riga pils) og viser Latvia si historie frå istida til i dag. Riga by- og sjøfartsmuseum ligg vegg i vegg med Domkyrkja, og reknar historia si tilbake til 1700-talet. Okkupasjonsmuseet ligg like utanfor gamlebyen, og bygningen er eit døme på sovjetisk arkitektur. Det knyter seg ein viss kontrovers til om bygningen bør bli ståande slik han er, som eit minne om okkupasjonstida, eller om han bør rivast og erstattast av ein bygning som passar meir til dei historiske omgjevnadane. Krigsmuseumet ligg i Kruttårnet (Pulvertornis) nær den gamle bymuren. Litt utanfor sentrum ligg motormusumet med mellom anna Stalin og Leonid Brezjnev sine bilar. Utanfor byen ligg Friluftsmuseet (Brivdibas musejs), et etnografisk museum i friluft, det vi på norsk gjerne kallar eit folkemuseum. Riga har òg to store kunstmuseum.

Av få gjenverande minne frå sovjettida kan ein sjå minnesmerket over latviske geværmenn (strelnieki) utanfor okkupasjonsmuseumet, og ein mykje større skulptur som heidrar dei falne frå revolusjonen i 1905 på vestsida av elva.

Det mest kjende monumentet er Fridomsmonumentet, reist som eit symbol for latvisk fridom og sjølvstende i 1935. Det er ei søyle med ein kvinnefigur som held tre stjerner, symbol på dei tre tradisjonelle regionane i Latvia. På framsida er ein inskripsjon, «Tēvzemei un Brīvībai», omsett «for fedreland og fridom». Monumentet vart ikkje rive ned under sovjettida, men sovjetiske styresmakter omsette tydinga til at kvinnefiguren var moder Russland og dei tre stjernene var de baltiske republikkane.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Riga har hatt ein sterk posisjon innan idretten, mellom anna vart det russiske tsardømet sin interne olympiade i 1914 arrangert i Riga. Gamle idrettsklubbar inkluderer Riga sitt skyttarlag (stifta 1859), Riga gymnastikklubb (1862), Riga roklubb (1872), Riga keisarlege seglarklubb (1878) og Riga sykkelforeining (1886). Latvia sin sportsunion vart stifta i Riga 6. mars 1921, og vart seinare til Latvia sine sameinte sportforeiningar, som representerte landet internasjonalt, til dømes ovanfor IOC. Under verdskrigane var det ingen organisert aktivitet i byen, og etter 1945 vart all organisert idrett overteken av sovjetiske styresmakter.

Fram til 2006 var Skonto Stadion Riga sin største arena for sport. Det stod ferdig i 1996, og vart renovert til Melodi Grand Prix i 2003. Det rommar 6 500 tilskodarar og består av fire hallar. Det vert arrangert meisterskap i fotball, ishockey og andre greiner her.

Eit større stadion, kalla Arena Riga, opna i 2006. Det rommar 12 500 tilskodarar på eit område på 58 000 m², der over 22 000 m² er under tak.

Ishockey er Latvia sin nasjonalidrett og av Riga sine titals lag så er laget Skonto Riga det mest framståande og eit av dei meir framgangsrike i landet. Det finst òg eit fotballag med same namn (stifta 1991), som òg er eit av dei beste i landet. Dei har vunne ligaen alle år frå 1991 til 2003, og cupen sju gonger i same intervall.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Trafikken til Riga har auka kraftig seinare år, sidan infrastrukturen har vorte utbetra. Riga som hamneby er eit knutepunkt for logistikk, og eit senter i veg- og jernbanenettet. Dei fleste turistar kjem til byen gjennom flyplassen Riga International Airport, som vart pussa opp og modernisert i 2001, samstundes med 800-årsjubileumet. Lufttrafikken har dobla mellom 1993 og 2004. Frå 2004 hadde Air Baltic regelmessige direktesamband til Riga frå Oslo Lufthamn Gardermoen. I 2005 opna òg Norwegian ei rute på same strekning, og Air Baltic kom same år med ei rute til Bergen.

Det er ferjesamband til Stockholm, Kiel og Lübeck.

Offentlege transportmidlar i byen inkluderer bussar, trolleybussar, trikkar og minibussar. Minibussane køyrer ruter, men ikkje til faste tider, og stoppar berre på haldeplassar der nokon vil av eller på. Dei er det raskaste alternativet, men òg det dyraste. Dei andre transportmidla følgjer rutetider, og er rimelegare.

Dei sovjetiske styresmaktene hadde planar om undergrunnsbane i Riga, men miljøverngrupper fekk sett ein stoppar for planane i 1986.

Dei første bussane byrja å gå i 1852, men då vart dei trekte av hestar. Dei første trikkane, i 1882, vart òg trekte av hestar.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Riga, panorama med elva Daugava
Panorama frå Bytårnet


Kjende personar frå Riga[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Riga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]