Fredrik I av Preussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik I
Weidemann, Friedrich I Preußen.jpg
Fredrik I av Preussen
Konge av Preussen
Kurfyrste av Brandenburg
Regjeringstid Som kurfyrste av Brandenburg (1688–1713)
Konge av Preussen (1701–1713)
Kroning18. januar 1701 i Königsberg
Fødd11. juli 1657
FødestadKönigsberg i Hertugdømet Preussen
Død25. februar 1713 (55 år)
DødsstadBerlin i Preussen
FøregjengarFredrik Vilhelm I den store
Gift medElizabeth Henriette av Hessen-Kassel

Sofia Charlotte av Hannover

Sofia Louise av Mecklenburg-Schwerin
FarFredrik Vilhelm av Brandenburg
MorLouise Henriette av Oranien-Nassau

Fredrik I (11. juli 165725. februar 1713) frå Huset Hohenzollern var (som Fredrik III) kurfyrste av Brandenburg (1688–1713) og hertug av Preussen i personalunion (Brandenburg-Preussen). Då hertugdømet Preussen vart opphøgd til kongedøme, vart han den første kongen av Preussen (1701–1713). Frå 1707 var han i personalunion med den herskande fyrsten av fyrstedømet Neuchâtel (tysk Fürstentum Neuenburg). Han var òg farfar til Fredrik den store.

For å vinne Austerrike i planen om å få landet sitt opphøgd til kongedøme, forsømte han interessene til sitt eige land under den store nordiske krigen og deltok utan utbytte i den spanske arvefølgjekrigen. Han støtta kunst og vitskap, grunnla mellom anna universitetet i Halle i 1694.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]