Fredrik Vilhelm I av Preussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Vilhelm I
Frederick william I of prussia.jpg
Konge av Preussen; Kurfyrste av Brandenburg
Regjeringstid1713 - 1740
Fødd14. august 1688
FødestadBerlin
Død31. mai 1740
DødsstadBerlin
GravlagdSanssouci i Potsdam
EtterfølgjarFredrik II
EktefelleSofia Dorothea av Hannover
KongehusHuset Hohenzollern
FarFredrik I
MorSofia Charlotte av Hannover

Fredrik Vilhelm I (tysk Friedrich Wilhelm I) (fødd 14. august 1688 i Berlin, død 31. mai 1740 same stad) frå Huset Hohenzollern var konge av Preussen og kurfyrste av Brandenburg (som Fredrik Vilhelm II) frå 1713 til han døydde i 1740. Han vert populært kalla «Soldatkongen» (der Soldatenkönig).

Faren hans, Fredrik I av Preussen, var den første kongen av Preussen. Fredrik Vilhelm konsentrerte seg om å bygge opp den militære makta til Preussen. Han sentraliserte og betra den prøyssiske staten, erstatta tvungen militærteneste for middelklassen med ein årleg skatt, oppretta grunnskular, og sørgde for å folkesette Aust-Preussen etter at innbyggjartalet hadde vorte redusert som følgje av pest i 1709.

Han levde spartansk for sin stand å vere, og likte best å vere kledd i hæruniformen sin. I motsetnad til faren og bestefaren hadde han ikkje mykje til overs for kultur og protesterte på pengar som ikkje gjekk til hæren. I levetida hans vart den prøyssiske hæren fordobla.

Fredrik Vilhelm og kona hans Sofie Dorothea av Hannover hadde åtte overlevande barn.

  • Vilhelmine av Bayreuth (1709 - 1758)
  • Fredrik II av Preussen (òg kalla «Fredrik den store») (1712-1786)
  • Frederikke Louise (1714-1784)
  • Filippine Charlotte (1716-1801)
  • Sofie Dorothea Marie (1719-1765)
  • Louise Ulrike, dronning av Sverige (1720-1782)
  • August Vilhelm (1722-1758)
  • Anna Amalia (1723-1787)
  • Henrik (1726-1802)
  • August Ferdinand (1730-1813)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fredrik Vilhelm I av Preussen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]