Fredrik Rysjedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fredrik Rysjedal (fødd 30. oktober [[]] 1980) er ein norsk teikneserieskapar, illustratør og teiknekunstnar busatt i Bergen. Han er ein del av den norske alternative teikneseriescena og har sidan 2010 laga teikneseriefanziner og jobba med sjølvpublisering.[1] Han har også eksperimentert med digitale teiknseriar, både publikasjoner og sceniske framsyningar av digitale teikneseriar.[2] Rysjedal lagar dokumentariske teikneseriar, satire og teikneseriar frå born.

I 2019 fekk han ein ph.d-grad for stipendiatprosjektet Frozen Moments in Motion[3] på Fakultetet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen.[4] Dette var eit kunstnarisk utviklingsprosjekt der Rysjedal utforska digitale teikneseriar og aspekta rundt å nytte rørsle, film og animasjon i teikneseriar.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Rysjedal debuterte med stripeserien Cand-Mag, som gjekk som stripeserie i studentavisa Hugin (Høyskolen i Stavanger) frå 2001–2003 og på TV2 Interaktiv. Fanzinepraksisen starta i med fanzina Fjes (2010)[5] og teikneseriefanzina Dusj (2011) og har sidan skapt og publisert 11 teikneseriefanziner.[6] Som følgje av dette arbeidet har Rysjedal også vore med å skape ei rekke kulturarrangement i Bergen for å løfte fram fanzine- og kunstnerbokkulturen. Arrangement som: Norsk Fanzinekongress (2010), Norsk Fanzinekongress 2 (2011),[7] Fanzinekveld (2011–2023) og Bergen Art Book Fair (2013–2024). Han har vore med å starte sjølvpubliseringsverkstaden Pamflett[8] i Bergen som også er arrangør av Bergen Art Book Fair.

5. juni 2014 hadde Rysjedal urpremiere på si fyrste orginale teikneserieframsyning, Lyden av Aurora (2014) i Bergen. Ei teikneserieframsyning samsvarar med det engelske begrepet comic performance og er ei scenisk framføring av ein teikneserie. Bileta er presentert som lysbileter med og utan animasjon og er gjerne akkompagnert med musikk. Premieren av Lyden av Aurora var akkompagnert av samtidsmusikkgruppa 1982 (Øyvind Skarbø, Sigbjørn Apeland og Nils Økland). Lyden av Aurora handlar om tretten år gamle Astrid som i etterkrigsåra opplever at små gnissingar mellom foreldra har røter til traumatiske opplevingar dei hadde under krigen. Teikneserien omhandlar krigseglarane og visualiserer blandt anna senkinga av M/S Berganger i 1942. I 2017 sjølvpubliserte Rysjedal sin andre digitale teikneserie Nær, nærare, nærast. Ein interaktiv teikneserie laga for iPad, fyrste av sitt sag i Norge. Dette er ein sjølvbiografisk teikneserie som handlar om familierelasjonar og familiehistorie. Teikneserien eksperimenterer med overlappande teikneserieruter og animasjon og er tonesett av komponisten Stephan Meidell og programmert av Hans Philip Eide. Nær, nærare, nærast fekk gull i kategorien bok på Visuelt 2018.[9] I 2024 gav Rysjedal ut sitt fyrste teikneseriealbum, Krampe.[10] Teikneserien handlar om bading og angsten for å få krampe er sjølvbiografisk. Fyrste fysiske utgåve er trykka i eit begrensa opplag på 100 eks og er laga med stensiltrykk (Risograf).[11] Krampe er også publisert som e-bok (Ebok.no).

Teikneserie-bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 Cand-Mag, stripeserie publisert på TV2 Interaktiv og studentavisa Hugin.
  • 2011 Dusj, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2011 ARB EIDS FLYT, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2011 Resirkuler, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2012 When We Met Lucy Knicley, teikneseriefanzine, sjølvpublisert. (Laga saman med Eirik Andreas Vik)
  • 2013 Smuss, teikneserieantologi, Cappelen Damm (Bidrag:Det er jo dette som er deilig)
  • 2014 Lyden av Aurora, teikneserieframsyning.
  • 2015 Ovis Ariesaurus Rex, nett-teikneserie med gif-animasjon.
  • 2016 Kva skal eg verte når eg vert stor?, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2016 Stopp kunsten, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2017 3mm Bleed, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2017 Nær, nærare, nærast, interaktiv teikneserie, sjølvpublisert for iPad.
  • 2018 Stiftemaskin med lang arm, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2018 3mm utfallande, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2019 Elsewhere, kinakål forlag (Laga saman med kinesiske Anusman)
  • 2019 Sukk, netteikneserie, publisert på Norsk Barnebokinstitutt sine nettsider.
  • 2020 Myse og kvernsteinsbruddet, teikneseriar for 14 museumsinstallasjonar på kulturløype i Kvernsteinsparken i Hyllestad kommune.
  • 2020 Antilogo, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2021 Plastikkbarna, nett-teikneserie, sjlvpublisert
  • 2022 Laksefiske i Lærdal, teikneseriefanzine, sjølvpublisert.
  • 2024 Krampe, teikneseriealbum, sjølvpublisert.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2018 Gull i kategori bok for teikneserien Nær, nærare, nærast, Visuelt-prisen, Grafill

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredrik Rysjedal (03. mars 2022). «Fredrikrysjedal.no». Fredrik Rysjedal. Henta 10. mai 2024. «I’m an indipendent comic artist that focus on self publication and performative comic art. I make both documentary and fictional works, but I also enjoy making alternative/experimental comics in addition to traditional narratives.» 
  2. Walter Wehus (29. februar 2016). «Empirix.no». Empirix.no. Henta 10. mai 204. «Denne februarkvelden er nemlig ikke bare fremføringen av tre tegneserier han har arbeidet med i flere år – alle med bestefaren hans som tema, men med svært ulik teknisk tilnærming – det er også den formelle kulminasjonen av et kunstnerisk utviklingsarbeid (se faktaboks) som skal bedømmes faglig av et internasjonalt panel av opponenter.» 
  3. Fredrik Rysjedal (8. april 2019). «Frozen Moments in Motion». Universitetet i Bergen. Henta 10. mai 2024. «FROZEN MOMENTS IN MOTION – AN ARTISTIC RESEARCH ON DIGITAL COMICS (2019) Fredrik Rysjedal About this exposition What are the concepts of motion in digital comics? What types of motion can be used in comics and how does motion affect the presentation, the story and even the reader/viewer? This project is a part of the Norwegian Programme for Artistic Research, and it's executed at the Bergen Academy of Art and Design, today called Faculty of Fine Art, Music and Design at the University of Bergen.» 
  4. «Disputas, KMD, Universitetet i Bergen». Universitetet i Bergen. 4. april 2019. Henta 10. mai 2024. «Fredrik Rysjedal disputerte torsdag 4. april 2019 med det kunstnariske forskingsprosjektet: «Frozen Moments in Motion - An Artistic Research on Digital Comics.”» 
  5. «Bibsok.no». Bibsok.no. Ukjent dag/måned/år. Henta 10. mai 2024. «Fjes : ei fanzine laga ut av teiknestudier frå Fredrik Rysjedal si skissebok Bok · Nynorsk · 2010 · Art Zines Utgitt [Bergen] : [s.n.] , 2010. Omfang [20] bl. : ill. Opplysninger: 100 i opplag. Emner: Rysjedal, Fredrik , 1980- : (NO-TrBIB)70872. Sjanger: Art Zines . - Tegneserier» 
  6. Fredrik Rysjedal (14. april 2024). «CV». Fredrik Rysjedal. Henta 10. mai 2024. «Comicography:
    2022 Krampe, premiere of a comic performance at Hardanger Musikkfest
    2022 Laksefiske i Lærdal, selfpublished zine
    2021 Antilogo (English edition), selfpublished zine
    2020 Antilogo (Norwegian edition), selfpublished zine
    2018 3mm Utfallande (Norwegian edition of 3 mm Bleed), selfpublished
    2018 Stiftemaskin med lang arm, selfpublished
    2017 3mm Bleed, selfpublished
    2016 Stopp Kunsten, selfpublished
    2016 Kva skal eg bli når eg vert stor, selfpublished
    2012 When we met Lucy Knisely, selfpublished
    2011 Resirkuler, selfpublished
    2011 ARB EIDS FLYT, selfpublished
    2011 Dusj, selfpublished»
     
  7. Ann-Kristin Stølan (11. oktober 2011). «Norsk Fanzinekongres 2». Bergen Zines. Henta 10. mai 2024. «Norsk Fanzinekongress 2, 26 oktober 2011, Landmark. Bergen Zines og Grafill Bergen presenterer oppfølgeren til 2009 arrangementet. Det vert kongress på Landmark med fanziner, fanzinefolk og fe. Presentasjonar, inspirasjon, POP UP fanzinebutikk og kjempebra DJ.» 
  8. Ann-Kristin Stølan (ukjent dato/måned 2020). «Pamflett». Pamflett. Henta 10. mai 2024. «Board: Boardleader: Anngjerd Rustand Boardmembers: Ann-Kristin Stølan, Fredrik Rysjedal, Johnny Amundsrud» 
  9. «Gull i Visuelt». Grafill. Ukjent dag/måned, 2018. Henta 10.05.2024. «Gull Fredrik Rysjedal Digital tegneserie ”Nær, nærare, nærast”» 
  10. Trond Sætre (14. april 2024). «Serienett.no, artikkel». Serienett. Henta 10. mai 2024. «Laurdag kveld blei «Krampe» formelt lansert i saunaen på Nordnes Sjøbad, med høgtlesing og DJ. «Krampe» er ein sjølvbiografisk refleksjon over serieskaparens erfaring med bading, eit 40 siders album som frå neste veke vil vere tilgjengeleg, i først omgang hos Tekstallmenningen i Bergen.» 
  11. Fredrik Rysjedal (april 2024). «www.fredrikrysjedal.no». Fredrik Rysjedal. Henta 10. mai 2024. «Teikneserien er trykka på Risograf hos Pamflett i Bergen, i eit begrensa opplag på 100 eks og er signert og nummerert. Teikneserien er tilgjengeleg hos Tekstallmenningen i Bergen og Tronsmo i Oslo.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]