Frelsaren Kristus-katedralen
Frelsaren Kristus-katedralen | |
![]() | |
Den gjenoppbygde Frelsaren Kristus-katedralen. | |
Arkitekt | Konstantin Thon |
---|---|
Opna | 1883 |
Stil | Russian-Byzantine architecture |
![]() Frelsaren Kristus-katedralen |
Frelsaren Kristus-katedralen (russisk Хра́м Христа́ Спаси́теля, Khram Khrista Spasitelja) er ein katedral i Moskva i Russland. Ho ligg ved Moskvaelva og er den høgaste russisk-ortodokse kyrkja i verda.
Katedralen vart innvigd ved kroninga av tsar Aleksander III i 1883. Etter Oktoberrevolusjonen vart det derimot avgjort at tomta skulle nyttast til eit nytt palass til ære for sovjetarane, og katedralen vart riven. Det vart aldri noko av palasset, og tomta vart i staden nytta til eit symjebasseng.
Like før Sovjetunionen fall vart det avgjort at katedralen skulle byggast opp att. I 2000 stod den gjenoppbygde katedralen ferdig.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Katedralen måla av Pjotr Veresjtsjagin i 1878
- Den gjenoppbygde Frelsaren Kristus-katedralen ved Moskvaelva i føregrunnen i 2017.Foto: Gabriele Sotgiu
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Nettside med detaljar og bygningen og rekonstruksjonen Arkivert 2015-04-01 ved Wayback Machine.
Denne arkitekturartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.