Frey II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frei II var plassert ved Rovdefjorden på Sunnmøre.

Frey II, òg omtalt som Frei II, var ein alliert observasjonspost og radiostasjon på Gurskøya i Møre og Romsdal under andre verdskrigen.[1] Stasjonen var bemanna av brørne Ole Snefjellå og Tore Snefjellå frå april 1944 til januar 1945.[2] Dei to agentane opererte for Secret Intelligence Service og rapporterte om flåterørslene til okkupasjonsmakta i skipsleia på Møre-kysten. Dei to brørne frå Mo i Rana hadde delteke i motstandsarbeid i Noreg før dei kom over til Storbritannia.[3]

Frei II vart plassert i dei bratte skrentane ovanfor Oksavika på Skredestranda. Innanskjers trafikk mellom Ålesund og Stad gjekk langs fjorden og tyske krigsskip låg ofte i skjul i blant anna Syvdsfjorden og Voldsfjorden. Agentane rapporterte òg om vêrforholda i Noreg, særleg i samband med D-dagen. Allierte flyangrep mot tyske skip i området vekte mistanke hos okkupasjonsmakta. Skipet «Hans Leonhardt», som var lasta med 3000 tonn ammunisjon, vart bomba og sprengt utanfor Kvamsøya 1. juni 1944. Stasjonen vart gjeven opp i januar 1945 og agentane evakuert av «Shetlands-Larsen» om bord på KNM «Vigra».

Agentane hadde fått hjelp av folket på dei to gardane i Oksavika. Okkupasjonsmakta fann spor etter agentane då dei gjennomsøkte gardane tidleg i februar 1945. Mennene vart arrestert og forhøyrt under tortur av Gestapo i Ålesund. Deretter vart mennene internert i Falstad fangeleir ut krigen. Handsaminga av desse medhjelparane inngjekk i rettsoppgjøret mot gestapomannen Josef Schlossmacher etter krigen.

Kåre og Kjartan Oksavik var tenåringar under krigen då dei hjelpte agentane, og fekk i 2015 tildelt minnemedaljen for innsatsen.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nerbøvik, Jostein (1996). Volda-soga 1800-1945. Volda: Volda kommune. s. 320. ISBN 8299408016. 
  2. Ulstein, Ragnar (1920-) (1992). Etterretningstjenesten i Norge 1940-45. Oslo: Cappelen. s. 473. ISBN 8202138221. 
  3. Christensen, Dag (1988). En spion går i land: brødrene Snefjellås utrolige innsats på norskekysten under krigen. [Oslo]: Damm. ISBN 8259005085. 
  4. «Heidra med medalje». Vikebladet Vestposten, 23. mai 2015 s.5.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]