Friedrich Schelling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Friedrich Schelling
Nb pinacoteca stieler friedrich wilhelm joseph von schelling.jpg
FøddFriedrich Wilhelm Joseph Schelling
27. januar 1775
Leonberg
Død20. august 1854
Bad Ragaz
NasjonalitetTyskland
OmrådeTysk idealisme
Yrkefilosof, universitetslærar
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
Julius-Maximilian-universitetet i Würzburg
Friedrich-Schiller-Universität Jena
Humboldt-Universität zu Berlin
Alma materUniversitetet i Tübingen
EktefellePauline Gotter, Caroline Schelling
BarnClara Schelling
MedlemDet bayerske vitskapsakademiet
Det ungarske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Friedrich Wilhelm Joseph von Schelling (27. januar 177520. august 1854) var ein tysk filosof knytt til romantikken, fødd i Leonberg i det dåverande hertugdømet Württemberg.

I filosofihistoria vert Schilling ofte rekna som mellomsteget i utviklinga av den tyske idealismen, plassert mellom Johann Gottlieb Fichte, læremeisteren hans i unge år, og Georg Wilhelm Friedrich Hegel, hans medelev og tidlegare venn, seinare rival.

Særleg interesse vekte Schellings tankar om natur. Han såg naturen som uttrykk for det åndelege i ulike utviklingssteg. I levande vesen stig tilværet til stendig høgare bevisstheit, hevda han, inntil det når det høgste bevisstheitsliv i det sjølverkjennande mennesket. «Naturen er den synlege ånd, ånda den usynleg natur». Schellings filosofi er open for tolking, då den tilsynelatande heile tida var i endring.

Schellings naturfilosofi har vorte kritisert for sin tendens til analogi og mangel på empirisk orientering. Interessa for Schellings filosofi minka etter Hegels idear vart kjende, men meir indirekte spela Schellings tankar likevel sterkt inn i det romantiske kunstsynet. Nokre seinare filosofar, så som Martin Heidegger og Slavoj Žižek, har sett på Schellings arbeid med nye auge.

Schelling døydde i Bad Ragaz i Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]