Friedrich Schiller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich Schiller

Statsborgarskap Hertugdømet Württemberg, Sachsen-Weimar
Fødd 10. november 1759
Marbach am Neckar
Død

9. mai 1805 (45 år)
Weimar

Yrke lyrikar, filosof, historikar, bibliotekar, medisinsk forfattar, skodespelforfattar, romanforfattar, universitetslærar, omsetjar, journalist, skribent, lege, militærlege, estetiker
Sjanger ballade, skodespel
Medlem av Akademie gemeinnütziger Wissenschaften, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Johann Kaspar Schiller
Mor Elisabetha Dorothea Schiller
Ektefelle Charlotte von Schiller
Born Emilie von Gleichen-Rußwurm, Ernst von Schiller, Karl von Schiller, Caroline Junot
Signatur
Friedrich Schiller på Commons

Johann Christoph Friedrich von Schiller (10. november 17599. mai 1805) var ein tysk diktar og historikar, fødd i Marbach am Neckar i hertugdømmet Württemberg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Etter påbod frå hertugen, Karl Eugen, vart Schiller i 1773 skriven inn eit slags militærakademi der han i sju år studerte jus og medisin. Frå 1780 var han lege ved ei regiment i Stuttgart. Åra ved militærakademiet fekk han til å hate tvang og tyranni, noko som kjem fram i dramaet «Die Räuber» frå 1781. For å sleppe represaliar frå hertugen rømde Schiller hertugdømmet. Han arbeidde så som dramaturg i Mannheim, der han fekk høve til også å setje eigne nyskrivne spelstykke.

Schiller kom i 1787 med versedramaet «Don Carlos», eit arbeid som førte han inn i studiar av historiske og filosofiske emne. Frå 1789 var han historieprofessor i Jena. Gjennom tre filosfisk-estetiske verk skulle Schiller få stor innverknad på utviklinga av estetikken i det 19. hundreåret.

Frå 1799 budde Schiller i Weimar, der han og Johann Wolfgang Goethe vart nære venner. Kontakta med Goethe fornya Schiller si interesse for poesi og dramatikk. Dei seks åra fram til han døydde i Weimar i 1805 kom ei rad «vidgjetne» balladar, i tillegg til dramatiske meisterverk som Wilhelm Tell, omsett til nynorsk allereie i 1872, Wallensteins Lager (til nynorsk i 1916) og fleire andre.

Schiller, som vart adla i 1802 (von Schiller), døydde i Weimar av tuberkulose, 45 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok IX. 1960