Friedrich von Hagedorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich von Hagedorn

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 23. april 1708
Hamburg
Død

28. oktober 1754 (46 år)
Hamburg

Yrke lyrikar, skribent, diktarjurist
Sjanger dikt
Friedrich von Hagedorn på Commons

Friedrich von Hagedorn (23. april 170828. oktober 1754) var ein tysk diktar frå rokokkotida.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Far til Hagedorn var dansk ambassadør i Hamburg.[1] Den yngre broren hans var kunstteoretikaren og -samlaren Christian Ludwig von Hagedorn (1712–1780).

Hagedorn studerte fyrst jus i Jena, og var deretter sekretær for den danske sendemannen til London i 1726–29. Her kunne han bli kjent med engelsk litteratur og språk. Etter å ha vendt tilbake til Hamburg levde han ei tid i tronge kår, men i 1733 blei han tilsett som sekretær av eit gammalt handelsselskap, English Court, i Hamburg. Dette gav han ei uavhengig stilling som innverka gunstig på den litterære og økonomiske stillinga hans.

Poetische Werke av Friedrich von Hagedorn.

I 1729 gav han ut Versuch einiger Gedichte, men fyrst med sin samlinga Versuch in poetischen Fablen und Erzählungen (1738), som minna om La Fontaine i dei lette versa sine, viste han eigentleg diktarisk talent. Oden und Lieder og Moralische Gedichte er påverka av Horats. Samlinga Poetische Werke kom ut i 7 bind i 1756, og seinare ved Eschenburg med levnadsskildring i 1800.

Hagedorn hadde vennleg kontakt med kjende kolleagaer som Friedrich Gottlieb Klopstock, Ludwig Gleim og Johann Jakob Bodmer. Han tok også imot Gotthold Ephraim Lessing nokre gongar.

Mozart tonesette diktet hans Die Alte (K. 517) i 1787. Joseph Haydn komponerte to kanonar (a capella-songar) over verka hans (Hob. XXVIIb).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Britannica Online. «Friedrich von Hagedorn». Britannica eb.com. Henta 19 February 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]