Friidrettsutøvaren Jan Werner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Werner
Statsborgarskap Polen
Fødd 25. juli 1946
Brzeziny
Død

21. september 2014 (68 år)
Warszawa

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968

Jan Werner (25. juli 194621. september 2014) var ein polsk friidrettsutøvar. Han vart i 1969 europameister på 400 meter, tre år tidlegare vann han EM-gull i 4 x 400 meter stafett for Polen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Werner var fjerdemann på 400 meter ved EM i friidrett 1966 i Budapest. I den same meisterskapen sprang han startetappen for det polske vinnarlaget i 4 x 400 m stafett. 3. juni 1967 tangerte Werner europarekorden på 200 meter då han i Warszawa vart klokka i mål på tida 20,4. Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen glapp ein finaleplass på 400, før han med Polen kom på fjerdeplass i 4 x 400 m stafett. Året etter vann han gullmedaljen på 400 meter då EM i friidrett vart avvikla i Athen. To år seinare sikra han seg bronsemedaljen ved EM i Helsinki, der han også fekk med seg ein sølvmedalje i 4 x 400 m stafett. Som i førre sommar-OL rauk han i 1972-OL ut or 400-meteren i semifinalen. Han deltok i Sommar-OL 1976, der han sette personbeste med 45,44 og vart nummer 8 på 400 m, samt tok sølv i 4 × 400 meter stafett.

Werner var polsk meister på 200 meter i 1967, 1969 og 1971, samt på 400 m i 1968, 1970, 1971 og 1976.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]