Fritz Wunderlich
Utsjånad
| Fritz Wunderlich | |||
| | |||
| Fødd | 26. september 1930 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Kusel | ||
| Død | 17. september 1966 (35 år) | ||
| Dødsstad | Heidelberg | ||
| Fødenamn | Friedrich Karl Otto Wunderlich | ||
| Opphav | Tyskland | ||
| Aktiv | 1955–1966 | ||
| Sjanger | opera | ||
| Instrument | vokal | ||
| Stemmetype | tenor | ||
| Plateselskap | Deutsche Grammophon | ||
| Verka som | operasongar | ||
| Gift med | Eva Wunderlich | ||
Friedrich Karl Otto Wunderlich (fødd 26. september 1930 i Kusel i Rheinland-Pfalz, død 17. september 1966) var ein tysk lyrisk tenor kjend som Fritz Wunderlich. Han var i si tid ein av dei mest kjende songarane og tolkarane av lieder i Tyskland og gjorde ei kjend innspeling av Dichterliebe.
Wunderlich døydde under tragiske omstende rett før han fylte 36 år etter ei ulykke der han fall ned ei trapp i feriehuset til ein ven.
I 2008 vart Wunderlich kåra til den fjerde beste tenoren gjennom alle tider av lesarar av BBC Music Magazine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fritz Wunderlich» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2010.