Frogner hovedgård
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Frogner hovedgård i Skien.
Frogner hovedgård | |||
| |||
Stad | Frogner i Oslo | ||
---|---|---|---|
Frogner hovedgård 59°55′27″N 10°42′11″E / 59.924280555556°N 10.70305°E |
Frogner hovedgård er ein tidlegare storgard i Oslo. Garden strekte seg frå Frognerelva til Skillebekk og frå Frognerkilen til Majorstustrøket. Han omfatta også store delar av Frognerparken. Hovudgarden dekka mesteparten av dagens Bydel Frogner, som han har gitt namn til, men ikkje Bygdøy og areala aust for Uranienborg og nord for Majorstuveien. Med til eigedommen høyrde Frognerseteren med Frognerseterskogane, og frå 1788 halve nabogarden Frøen vest for Frognerelva. Dei opphavlege delene av garden aust for Frognerelva og Frognerdammene kom innanfor byegrensene ved byutvidinga i 1878.
Bymuseet i Oslo, no ein del av Oslo Museum, har hatt tilhald på Frogner hovedgård sidan 1909.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Garden låg i Aker herad som no er ein del av Oslo.
Garden eksisterte allereie som klostergods på slutten av 1300-talet. Garden vart krongods etter reformasjonen.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Frogner hovedgård – opphøyd og oversett?», www.oslomuseum.no (på engelsk), henta 19. juni 2020
- ↑ Frogner hovedgård. Store norske leksikon. Vitja 19. juni 2020
- Denne artikkelen bygger på «Frogner Hovedgård» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Oslo Museum
- Riksantikvaren: Fra storgård til turistattraksjon
- Frogner hovedgård i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren