Majorstua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Majorstuhuset frå 1932, Majorstukrysset framom. Bak huset ligg Majorstuen T-banestasjon.
Foto: Kjetil Lenes

Majorstua eller Majorstuen er eit område på vestkanten i Oslo. Namnet kjem av ei skjenkestove frå slutten av 1800-talet, som låg på ei løkke under garden nedre Blindern. Soga seier det hadde budd ein major i stova. Dette kan kanskje ha vore kaptein Michael Wilhelm Sundt, som eide løkka ei tid.

Majorstua var endestasjon for Holmenkollbanen før det vart bygd tunnel ned til sentrum og ein ny underjordisk endestasjon, Nationaltheatret stasjon. Området er eit trafikk-knutepunkt ved at vegsystemet Ring 2, parsellen Kirkeveien, går over Majorstukrysset og vert knytt saman med gater til fleire kantar av byen, og det her dessutan er ein viktig stasjon for T-banen (Majorstuen stasjon) og haldeplassar for sporvogns- og bussliner. Kirkeveien var ein part av grenselina mellom Oslo by og Aker herad fram til 1947.

Majorstua er eit skule-, handle- og utelivssentrum for Oslo vest. På Majorstua ligg Norges musikkhøgskole, Politihøgskolen, Det teologiske Menighetsfakultet, Sporveismuseet i den gamle «Vognhall 5» og kulturhuset til oslostudentane, Chateau Neuf, og det er stutt veg til Universitetet i Oslo på Blindern. Frognerparken med m.a. Frogner hovudgård, Oslo bymuseum, Vigelandsanlegget, Frogner stadion og friluftsbadet Frognerbadet ligg òg i nærleiken av Majorstua. Fram til 1970-åra blei det forretta russisk-ortodoks messe i krypten på Majorstua kyrkje.

Bogstadveien ved Valkyrie plass. Leigegarder for borgarskapet, 1880–1890.
Foto: Kjetil Lenes

Mot sentrum og mot Frogner er det leigegardar frå 1890-åra og små bustadblokker frå seinare tider, rundt Majorstukrysset finn ein nokre fine funkis-bygnader og opp mot Marienlyst lamell-blokker (frittliggjande høge og lange bustadblokker) frå slutten av 1930-åra.

Etter bydelsreforma 1. januar 2004 blei den administrative eininga bydel Majorstuen-Uranienborg slege saman med bydel Frogner. Det lokale fotballaget er Frigg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]