Frognerkilen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′43.772″N 10°41′42.223″E

Frognerkilen sett frå Kongen.
Foto: C. Hill (2007)
Kongen
Frognerkilen. Bygdøy til venstre i biletet.

Frognerkilen er ei smal bukt i Indre Oslofjord, i Oslo mellom Filipstad og Skillebekk i aust og Bygdøy i vest. Saman med Bestumkilen gjer Frognerkilen at Bygdøy er ei halvøy som er forbunde med fastlandet berre over eit smalt, lågt eide. I gamal tid, då havet stod høgare, var Bygdøy ei verkeleg øy.

I Frognerkilen er det båthamner for fridtidsfartøy. Ved innseglinga til Frognerkilen ligg på austsida klubbhuset til Christiania Roklub, kalla Kongen, på vestsida (Bygdøysida) ligg klubb- og selskapslokala til Kongelig Norsk Seilforening, kalla Dronningen. Båe husa ligg litt ut fra stranda, med brusamband inn til stranda. På vestsida lenger inn i bukta ligg lystslottet Oscarshall. Langsetter den austre stranda går den sterkt trafikkerte Europaveg 18, som her har namnet Frognerstranda, og mellom denne vegen og sjøen, ein gangveg og sykkelveg som er mykje nytta.

Vintrane i tida 1860–1900, når fjordisen hadde lagt seg, vart det laga til skeisebane på Frognerkilen. Mellom anna vart verdsmeisterskapen på skeiser 1900 arrangert på fjordisen her.

Bukta har namn etter storgarden Frogner hovedgård, som mellom anna eigde dei areala som Frognerparken ligg på, og som òg eigde grunn ned til Frognerkilen. Frognerkilen og Bestumkilen har tidlegare hatt namna Ladegårdsfjordene[1]

Frognerkilen er eit freda kulturminne.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oslo byleksikon, femte utgåva: Frognerkilen, side 182

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger på «Frognerkilen» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]